Ny sjanse for E136 til sommaren
Nye Veier om status for utbetringa av den viktige eksportvegen gjennom Romsdal.
Onsdag blei det kjent at utskjelte E136 gjennom Romsdalen frå Åndalsnes til grensa for Innlandet fylke, ikkje kom med i den første pulja med prosjekt Nye Veier skal bygge.
Finn Aasmund Hobbesland er direktør for planlegging og drift i Nye Veier, og kan fortelje at selskapet framleis ventar på informasjon om dette prosjektet frå Statens vegvesen.
– Vi er klar over at det er ei viktig forbindelsesåre. Sånn sett er det ein av dei strekningane der det er viktig å få over informasjonen, og vi ventar at det skjer ganske snart, fortel Hobbesland til NETT NO.
Vil ha byggestart i år
NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal seier til NRK Møre og Romsdal at han ikkje vil godta ei utsetting. Saman med LO, Møre og Romsdal fylkeskommune og regionråda har NHO sendt eit brev til Nye Veier der dei krev byggestart i år.
Planleggingsdirektøren i Nye Veier kan ikkje love noko om tidspunkt for når anbodskonkurransen for E136-strekninga blir lyst ut - og viser til at det uansett er ei avgjerd som ligg til styret.
– Vi har vore på befaring i Romsdalen og hatt møter med både
politikarar og næringsliv, så vi er klar over behovet, legg Hobbestad til.
Ny utlysing til sommaren
Nye Veier er oppretta for å teste ut nye måtar å gjennomføre større
vegbyggingar på. Etter at politikarane avgjorde at E136-strekninga
skulle overførast til selskapet si porteføje, avgjer dei kva tid
prosjektet skal byggast.
Hobbesland fortel at Nye Veier vil ha to prioriteringar årleg –kring årsskiftet og om sommaren. Då blir det lagt fram kva strekningar dei vil lyse ut abodskonkurranse for.
Om eit halvår er det med andre ord ein ny sjanse til å nå opp på priroiteringslista for E136-strekninga gjennom Romsdalen.
– Vi prioriterer innafor ei langsiktig finansieringsramme på 20 år, forklarar han.
Vil utbetre eksisterande veg
Det har vore ulike forslag til ny veg på E136-strekninga. Kostnadane har variert frå meir enn 17 milliardar for heilt ny trase på store delar av vegen, til to-tre milliardar for å utbetre vegen slik den går gjennom Romsdalen i dag.
Hobbesland antyder at ei løysing på nivå med det sistenevnte alternativet er mest truleg.
Ei slik utbygging vil innbere breiare veg, krabbefelt i motbakkane, meir rassikring, færre krappe svingar og fleire tryggare avkøyrsler.
Publisert: 19.01.2022 14:00
Sist oppdatert: 20.01.2022 20:41