Kan bli omkamp om fiskekvotar
SKUFFA: Fiskerbåtsjef Audun Maråk  vona Eivind Volstad skulle få saka si opp i menneskerettsdomstolen etter å ha tapt med knapp margin i høgsterett.
Nytt

Kan bli omkamp om fiskekvotar

Nytt reiarlag vurderer rettsak om fiskekvotar. Liknar på Volstad-saka.

28.01.2015
Etter at at den europeiske menneskerettsdomstolen har sagt nei til å behandle striden mellom staten og fiskerbåtreiar Eivind Volstad, kan det likevel bli ein ny runde i rettsvesenet.

Denne gangen er det eit reiarlag i Nord-Noreg som vurderer å gå til rettsak, etter at selskapet blei råka av vedtak med klare likskapar til Volstad-saka, i følgje administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt, organisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten.
- Om dei vinn så vil fiskerinæringa føle at den har større rettstryggleik enn den føler den har etter dommen i Volstad-saka, seier Maråk.

Klaga til Strasbourg

Både tingretten og lagmannsretten kom til at tidlegare fiskeriminister Helga Pedersen (Ap) braut grunnlova sitt forbod mot lovendring med attendeverkande kraft då ho endra reglane for kjøp av fiskekvotar i 2007.
Volstad var ein av dei som hadde nytta høvet til å samle større kvotar på færre farty. Det gjorde han etter at Pedersen sin forgjengar, Svein Ludvigsen, opna for at dei overførte kvotane kunne behaldast til all tid. Pedersen var usamd i den politikken, og endra reglane med attendeverkande kraft, slik at ingen fekk behalde dei overførte kvotane i meir enn 25 år.
I høgsterett fekk staten medhald i striden med Eivind Volstad, med ni mot åtte røyster. Dommen kom onsdag 23. oktober 2013. Du kan lese heile dommen .
Etter nederlaget i høgstrett klaga Volstad sak inn for menneskerettsdomstolen, men fekk altså ikkje saka si opp til behandling.

Skuffa

- Vi er naturlegvis skuffa, fordi både vi, anerkjente advokatar og høgsterettsdommarar meinte dette var ei sak som neppe ville stå seg for behandling i den europeiske menneskerettsdomstolen, seier Audun Maråk i Fiskebåt.
Fiskebåt har støtta Volstad fordi organisjonen meiner han førte ei sak som hadde interesse for heile flåten.
Maråk seier den eventuelle nye rettsaka gjeld eit kystfiske-reiarlag, der vedtaket som opna for at reiarlag som kunne samle kvotar på færre farty også var forankra i Stortinget.
- Det er knytta til same sakskompleks, men der dei (reiarlaget, red.merk) meiner å ha ei enda betre sak enn Volstad, seier Maråk.
Om dei vinn så vil fiskerinæringa føle at den har større rettstryggleik enn den føler den har etter dommen i Volstad-saka

Publisert: 28.01.2015 15:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40