Lars Einar Riksheim Erna Solberg Innovern foto Ogne
GOD START: Lars Einar Riksheim (nummer to frå høgre) er største aksjonær og var sentral i å etablere munnbindproduksjon i Sykkylven. Då statsminister Erna Solberg kom for å foreta den offisielle opninga i desember i fjor hadde fabrikken vore i drift i fleire månadar. Foto. Ogne Øyehaug
Nytt

Kan smile bak munnbindet

Innovern-pluss i første driftsår.

25.05.2021

Knappe tre veker etter at Noreg stengte store deler av aktiviteten i samfunnet 12. mars i fjor var munnbindprodusenten Innovern i Sykkylven etablert. Etter sommarferien 2020 var produksjonen i gang og i fjor sysselsette selskapet seks årsverk.

Første driftsår blei ein økonomisk suksess. Selskapet fekk eit resultat før skatt på 1,7 millionar kroner av 7,1 millionar kroner i driftsinntekter.

Munnbind mangelvare
Munnbind var mangelvare i starten av den verdsomspennade koronaepidemien. Noreg mangla både beredskapslager og produksjonskapasitet.

Planen til Innovern-grunnleggarane var å forsyne den norske marknaden under koronakrisa, og på lengre sikt få gjennomslag for at slik produksjon var noko Noreg måtte ha på heimebane.

- Det vi håpar på er at norske styresmakter ser behovet for at det er ein tilstrekkeleg norsk produksjon til at Noreg kan være sjølvforsynt med munnbind i ein krisesituasjon, sa Lars Einar Riksheim til NETT NO i sepetember 2020.

Hjelp frå opposisjonen
I mars i år sikra dei fire opposisjonspartia Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Framstegspartiet og SV Stortingsfleirtal for skjerpa krav til medisinsk beredskap.

Det blei godt mottatt hos Innovern.

- Viss dei no få på plass at vi kan ta vare på den kompetansen som er bygd opp dette året så trur eg det får ein positiv effekt, sa Lars Einar Riksheim til NETT NO i mars i år.

Blant det stortingsfleirtalet vil ha på plass, er:

* Pandemi- og legemiddelberedskapen må styrkjast ved å sørgje for auka produksjonskapasitet og auka tilgang på smittevernutstyr.

* Norsk produksjon av og beredskap for viktige legemiddel og medisinsk utstyr, vaksinar, smittevernutstyr og laboratoriediagnostikk må styrkjast.

* Regjeringa må sørgje for at Noreg har lager for minimum tre månaders forbruk av essensielle legemiddel.

Stortinget ber òg regjeringa sikre at Noreg har tilgang til produksjonskapasitet av kritisk medisinsk utstyr. Eit fast totalberedskapsutval som rapporterer til Stortinget kvart år, må òg på plass.

Eigd av sykkylvingar
I starten var det Lars Einar Riksheim og Steinar Johan Fet sitt selskap Amatec Invest som eigde Innovern, og finansierte innkjøp av utstyr, men etterkvart kom fleire med på eigarsida.

I tillegg til Amatec Invest er aksjonærane blant andre Riksheim sitt heileigde selskap Klekkeriet, It-selskapet PC Support, Kristine Johanne Emdals investeringselskap Pusur og konsulentselskapet Semaphore Consulting Partners i Bærum, med den utflytta sykkylvingen Kjell Jarle Furnes som leiar.

Innovern as
Tal i mill. kroner2020
Driftsinntekter7,1
Driftsresultat1,9
Resultat før skatt1,7

Publisert: 25.05.2021 09:03

Sist oppdatert: 25.05.2021 09:19

Mer om