Fraa ide til fabrikk paa tre fire maanadar
I GANG: Snart er blir det laga kirurgiske munnbind i to skift ved den nye fabrikken til Innovern i Sykkylven. Selskapet har ei kontrakt som gir arbeid eitt år fram i tid, og styreleiar Lars Einar Riksheim håpar styresmaktene etter koronaepidemine vil prioritere at Noreg skal kunne vere sjølvforsynt med munnbind ved framtidige kriser, Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Frå ide til fabrikk på tre-fire månadar

Frå ideen oppsto til produksjonen av kirurgiske munnbind i Sykkylven var i gang tok det berre tre-fire månader. Snart er arbeidsstokken oppe i åtte, og om kort tid går produksjonen i to skift.

18.09.2020

30. mars i år vart selskapet Smittevernproduksjon as registrert i Brønnøysund-registeret. Målet for selskapet - som no har skifta nam til Innovern as - var å starte produksjon av kirurgiske munnbind i Sykkylven.

Det var ein produksjon ingen i Noreg dreiv med, men koronaepidemien skapte nesten over natta ein veldig etterspørsel etter munnbind. Etterspørselsauken og vanskar med å få varene fram, gjorde at munnbind blei mangelvare.

No er Innovern i gang med å produsere si første ordre, 20 millionar kirurgiske munnbind til det offentlege selskapet Sykehusinnkjøp as. Kirurgiske munnbind er munnbind som er godkjent for bruk på sjukehus. Ordren sikrar selskapet arbeid eitt år framover, og selskapet skal og konkurrere om andre ordrar som er på veg ut i marknaden.

Testen kjem etter epidemien
Men testen på om Innovern er liv laga kjem etter epidemien, når etterspørselen etter munnbind vil falle, seier styreleiar og primus motor for satsinga, Lars Einar Riksheim. Riksheim er medeigar og produkt og marknadssjef ii automasjon- og industrimaskinleverandøren Amatec.

Det Riksheim håpar på er at erfaringane frå koronaepidemien gjer at styresmaktene ikkje lenger vil basere seg på at smittevernutstyr til norske sjukehus og resten av helsevesenet skal kjøpast billegast råd på verdsmarknaden - og dessutan basere seg på at det vil vere evne og vilje hos dei utanlandske leverandørane til å levere til Noreg. Slik det er i dag er det i stor grad kinesiske fabrikkar som forsyner Noreg med smittevernutstyr.

- Det vi håpar på er at norske styresmakter ser behovet for at det er ein tilstrekkleg norsk produksjon til at Noreg kan være sjølvforsynt med munnbind i ein krisesituasjon., seier Riksheim.

Det var ei ulempe å vere ein nykomar i marknaden når konkurransen om råvarene til munnbindproduksjonen var på sitt hardaste, seier Riksheim. Leverandørane prioriterte etablerte kundar, og det var ikkje Innovern.

Eigd av sykkylvingar
Det er ei gruppe næringsdrivande og investorar, dei fleste i Sykkylven, som står bak Innovern. I starten var det Lars Einar Riksheim og Steinar Johan Fet sitt selskap Amatec Invest som eigde Innovern, og finansierte innkjøp av utstyr, men etterkvart kom fleire med på eigarsida. I tillegg til Amatec Invest er blant andre Riksheim sitt heileigde selskap Klekkeriet, It-selskapet PC Support, Kristine Johanne Emdals investeringselskap Pusur og konsulentselskapet Semaphore Consulting Partners i Bærum, med den utflytta sykkylvingen Kjell Jarle Furnes som leiar.

Selskapet har leigd lokale og sett opp produksjonsanlegget i bygget som tidlegare husa møbelfabrikken Hjellegjerde.

Flaks og bratt lærekurve
Riksheim seier det har vore ei bratt lærekurve, i tillegg til at det måtte til ein porsjon flaks og handlekraft i starten. Kirurgiske munnbind består mellom anna av tre lag stoff for stoppe smitte og i starten av epidemien såg det i utgangspunkt svært vanskeleg å i det heile tatt få tak i stoffa som skulle til.

Produksjonsutstyret til å montere munnbinda var det også rift om, men ei avbestilling hos ein leverandør gjorde det råd å få tak i det som skulle til for å sette opp ein fabrikk. Kravet var at pengane måtte stå på konto neste dag, og høve til å reise og inspisere på førehand hadde koronarestriksjonane sett ein stoppar for.

Leverandøren kunne heller ikkje sende folk for å montere maskinene, so, kom tilsendt i ein og en halv semitrailer, fordelt på 28 store kasser. Det gav Amatec sine montørar ei ekstra utfordring, seier Riksheim.

Sjølve monteringa av munnbinda er automatisert. Pakkinga skal også automatiserast, men arbeidet med å automatisere pakkeprosessen er ikkje fullført enno.


Publisert: 18.09.2020 11:02

Sist oppdatert: 25.07.2022 19:25

Mer om