Havila capella snorklipping tromsø foto kjetil 11
JOMFRUTUR: Stor stas då Havila Capella kom til Tromsø under jomfrututen. Etterpå har det vore mykje problem. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Staten har spart millionar på Havilas problem

Staten har spart nærare 400 millionar kroner på at reiarlaget Havila har måtta kansellere 10.000 anløp på Kystruten.

10.05.2022

Frå årsskiftet i 2021 endra Hurtigruten namn til Kystruten og reiarlaget Havila skulle trafikkere ruta med fire skip og reiarlaget Hurtigruten med sju skip.

Havilas fire nye skip har likevel ikkje vorte levert som avtalt, og det første skipet som blei levert, er russisk-lease og ramma av sanksjonane mot Russland. Dermed glimrar dei planlagde anløpa med sitt fråvær. Havila skulle eigentleg ha rundt 24 millionar kroner frå Samferdselsdepartementet i månaden for anløpa, pengar som staten no sparer, skriv Klassekampen.

Vil ha reserveskip
Staten set nemleg ikkje inn reserveskip på rutene, noko som får fleire til å reagere.

– Departementet burde sett inn reserveskip for lenge sidan. Kysten treng alle elleve skipa. Det er feil at staten skal spare pengar på at det blir skapt uvisse langs heile kysten, seier Rune Saltnes i Brønnøysund.

Fryktar å miste kundar
Han er styremedlem i Kystterminalen, som samlar skipsekspeditørane. Han fryktar at når kundane må finne andre løysingar for å få sendt godset sitt, så vil det skade dei mange anløpsstadene som har bygd opp aktivitet og arbeidsplassar basert på skipsanløpa.

Samferdselsdepartementets kommunikasjonsrådgivar Kristoffer Moene skriv i ein e-post til avisa at departementet « … har tett dialog med Havila Kystruten og vurderer fortløpende behovet for tiltak for å sikre tilstrekkelig kapasitet».

Publisert: 10.05.2022 08:07

Sist oppdatert: 10.05.2022 08:13

Mer om