Ketchup-effekt for GJ Machine
I 2020 sette kundar investeringar på vent. I år har det tatt av.
Automatiseringsekspertane i GJ Machine har allereie fått større bestillingar så langt i år enn selskapet hadde i heile 2020.
- Vi har ein intensjon om at vi skal touche 40 millionar kroner i omsetning i år , og det vil vi klare med god margin, seier dagleg leiar Gunnar Johnsen.
Han og ektefellen Lisbet Johnsen eig GJ Machine i Skodje 50/50. Selskapet har 15 personar på lønningslista og er på jakt etter fleire folk.
Delt korona-effekt
Gunnar Jonsens har tidlegare sagt til NETT NO at selskapet fekk fleire forespørslar på grunn av koronaepidemien. Bedriftsleiarar frykta vanskar med å få tak i folk, og trøbbel med forsyningslinene. Begge deler gjorde at dei vurderte meir automatisering.
Det er ei vurdering som framleis er gjeldande, seier Johnsen.
Men interessa for å automatisere produksjonen slo ikkje ut i auka sal i fjor (sjå tabell). Kundar sette investeringar på vent på grunn av koronaepidemien.
I år fekk selskapet ein ketchup-effekt der oppdraga strøymde på. Johnsen anslår at oppdrag for fire til seks millionar som selskapet har fått i år, er oppdrag som selskapet skulle fått i fjor om det ikkje hadde vore for epidemien.
Madrass-fabrikk
GJ Machine har mellom anna levert utstyr og system som har heilautomatisert produksjonslina hos madrassprodusenten Wonderland på Åndalsnes og robotisert arbeidet med å laste og losse fiskekasser frå Vartdal Plast.
GJ Machine as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 24,7 | 24,4 |
Driftsresultat | 0,2 | 0,5 |
Resultat før skatt | 0,1 | 0,3 |
Publisert: 27.04.2021 06:00
Sist oppdatert: 14.06.2021 15:55