Kjoelig for Termo Partner ifjor
BLOMSTER OG LAKS: Termo Partner i Stryn har spesialisert seg på frakt av laks og blomster, og er eitt av få norske transportselskap som framleis fraktar laks ut av landet.
Nytt

Kjølig for Termo Partner ifjor

Stig Hoel i Termo Partner har kutta laksetransport til Sør-Eurpa. Ingen vits lenger, seier han.

24.07.2014
Transportselskapet i Stryn er eitt av dei få norskeigde transportselskapa som framleis fraktar norsk laks ut i Europa. Men konkurransen er blitt tøffare, og Stig Hoel sine tilsette køyrer ikkje lenger til Sør-Europa med laksen.
- Ingen vits lenger, seier eigar og leiar Stig Hoel.
No er sørgrensa for laksetransporten i Nederland.

Tøft 2013

Termo Partner fekk eit tøft år ifjor.
Tap av ein stor kunde, og ugunstig utvikling i kronekursen gjorde at driftsinntektene i Termo Partner, som er hovudselskapet i Termo Partner-systemet, fall med over ti millionar kroner og året enda med underskot (sjå tabell). Også dotterselskapet Termo Partner Transport, som eig bilane og er der sjåførane er tilsette, gjekk i minus ifjør. Der blei underskotet før skatt 1,6 millionar kroner.

Tilbake på sporet

I år reknar selskapet med at blir det overskot igjen.
- Vi har tilpassa oss, korrigert for valuta, og vi har kutta ut ein del køyring på eksport, seier Hoel.
Stig Hoel er eineeigar av Termo Partner-selskapa. Han har 25 tilsette og 13 eigne bilar. I tillegg leiger firmaet inn underleverandørar for 80-90 millionar kroner i året.
I tillegg til laksefrakt har selskapet og spesialisert seg på frakt av blomster, både i Noreg og frå Nederland, Tyskland og Danmark.

Statleg konkurranse

Nasjonale statleg selskap står bak tre av transportgigantane som Hoel meiner utgjer ein av dei største konkurrentane i bransjen. Det Post Nord (det svenske og danske postselskapet), Bring Frigo (norsk) og Schenker (tyske statsbaner).
- Den største pådrivaren for senking av fraktratene i Noreg er Post Nord, Bring Frigo og Schenker. Dei har andre motiv enn oss andre. Dei har volum som motiv, og dei har andre eigarar som kan støtte opp, seier Hoel.

Ulike vilkår

Hoel meiner og norske styresmaktene ser gjennom fingrane med ulik konkurransen på den norske heimemarknaden.
Medan norske selskap må betale bompengar og eventuelle bøter kan utanlandske selskap sleppe unna.
-Det er eit alt for dårleg kontrollsystem for utlendingar, seier Hoel.
Den største pådrivaren for senking av fraktratene i Noreg er Post Nord, Bring Frigo og Schenker

Publisert: 24.07.2014 11:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:35