Det gjekk frå vondt til verre for galleriselskapet Go With The Flø på Flø i Ulstein i fjor.
Driftsinntektene fall frå over to millionar kroner til under ein halv million (sjå tabell). Resultatet blei underskot på over 600.000 kroner, og den bokførte eigenkapitalen er negativ.
Lokale kjøparar har stor betydning for galleriet, sa Opdal til NETT NO i fjor - og 2016-årsmeldinga viser at det stemmer.
"En har opplevd en kraftig svikt i omsetningen av kunstverk. Dette har sin bakgrunn i reduksjonen i aktiviteten i regionen, med permitteringer og nedskaleringer i industrien", skriv Opdal i årsmeldinga til Go With The Flø.
Galleriet har inngått samarbeid med eit galleri i Oslo og har i vår hatt utstillingar i Ålesund og på Flø, med auka interesse for utstillingane og større sal enn i fjor.
Dermed krympa selskapet klesbutikk-satsinga, gjekk med overskot og fekk på nytt positiv eigenkapital.
Etter å ha kjøpt ut medeigaren Moods of Norway er Opdal no eineeigar.
Driftsinntektene fall frå over to millionar kroner til under ein halv million (sjå tabell). Resultatet blei underskot på over 600.000 kroner, og den bokførte eigenkapitalen er negativ.
Kunstinteresse kjølna
Oljenedturen har råka galleriverksemda hardt. Tidleg i 2015 byrja Opdal å sjå teikn til at folk vart meir forsiktige og utover 2015 viste det seg at det berre vart verre.Lokale kjøparar har stor betydning for galleriet, sa Opdal til NETT NO i fjor - og 2016-årsmeldinga viser at det stemmer.
"En har opplevd en kraftig svikt i omsetningen av kunstverk. Dette har sin bakgrunn i reduksjonen i aktiviteten i regionen, med permitteringer og nedskaleringer i industrien", skriv Opdal i årsmeldinga til Go With The Flø.
Betre i år
Trass i at den bokførte eigenkapitalen er negativ meiner selskapet det er grunnlag for vidare drift.Galleriet har inngått samarbeid med eit galleri i Oslo og har i vår hatt utstillingar i Ålesund og på Flø, med auka interesse for utstillingane og større sal enn i fjor.
Tapte på butikk
Moods of Norway-butikken i underetasjen var ein stor suksess i starten og sto for halvparten av inntektene i 2012. Men etter at nyhendas interesse dabba av fall inntektene. I 2013 førte fallande inntekter frå butikken til at Go With The Flø gjekk med underskot og måtte bokføre ein negativ eigenkapital.Dermed krympa selskapet klesbutikk-satsinga, gjekk med overskot og fekk på nytt positiv eigenkapital.
Kjøpte ut
No er klesbutikken i ferd med å blir heilt avvikla.Etter å ha kjøpt ut medeigaren Moods of Norway er Opdal no eineeigar.
En har opplevd en kraftig svikt i omsetningen av kunstverk
Publisert: 11.07.2017 16:51
Sist oppdatert: 22.06.2021 10:35