Den norske delen av Bourbon-reiarlaget hadde eit oppsving for drifta i fjor. Samstundes gav skipssal rom for eit kjempeutbytte på drygt 300 millionar til dei franske eigarane.
Det kjem fram i rekneskapen til Bourbon Ships i Fosnavåg, som gir oversikt over aktiviteten i Norge.
Stort utbytte til franske eigarar
I 2024-rekneskapen er det bokført ein gevinst på 124 millionar kroner etter salet av forsyningsskipet Bourbon Monsoon. Skipet er bygd ved Ulstein Verft og vart levert i 2007.
I rekneskapen kjem det også fram at eigarane tek eit utbytte på 301 millionar kroner etter eit solid overskot.
Dei pengane går vidare til eigarane i Bourbon Marine og Logistics i Frankrike, fortel dagleg leiar Bjørn Idar Remøy til Nett No.
Reiarlaget var gjeldfritt ved utgangen av fjoråret, og hadde ein eigenkapital på 310 millionar kroner.

– For augneblinken ser det veldig greitt ut
I årsmeldinga blir det store utbytte forklart både med skipssalet i fjor sommar - og at skipa til reiarlaget fekk betre betalt for oppdraga i fjor.
Dei ordinære driftsinntektene auka frå 160 til drygt 200 millionar.
– Fjoråret var stort sett greitt, og marknaden var betre enn året før. Det var likevel ein liten nedtur for aktiviteten i Nordsjøen på hausten. Utover våren har det teke seg opp att. For augneblinken ser det veldig greitt ut – både i Nordsjøen i verda elles, fortel Remøy.
Reiarlaget opplyser mellom anna i årsmeldinga at dei har fått eit godt fotfeste i marknaden på vestkysten av Afrika.
| Bourbon Ships AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 326 | 162,2 |
| Driftsresultat | 175,8 | 9,9 |
| Resultat før skatt | 187,6 | 15 |
Ventar nye eigarar inn til hausten
I dag har den norske delen av reiarlaget fem PSV-ar i drift – og eig to av fartøya sjølv.
Remøy fortel at det per no ikkje er aktuelt med nybygg, grunna ei større restrukturering som går føre seg i det franske morselskapet.
– Dette arbeidet er pågåande. Per no er det ei bankgruppe som eig konsernet, men det er venta at nye eigarar kjem inn til hausten, og det er styrande for aktiviteten vår, seier han.
Skipa blir drive av Bourbon Horizon, som er eit samarbeidsselskap mellom det franske Bourbon-konsernet og canadiske Horizon Maritime.
Utfordring å få tak på sjøfolk
Det norske delen av Bourbon-reiarlaget har i dag kring 150 sjøfolk i arbeid. Tilgangen på nytt mannskap er ei utfordring Bourbon-reiarlaget delar med store delar av bransjen.
– Det er heile tida ein etterspurnad etter sjøfolk, og opplever at det er ein knappheit – spesielt i Norge, seier Remøy.
Bourbon-sjefen påpeiker at offshorenedturen for kring ti år sidan, gjorde at mange sjøfolk gjekk over i andre jobbar.
– Då mista vi ein del rekruttering. Ein del folk gjekk over til å jobbe på brønnbåt, som har hatt gode tider. Samtidig er det no eit oppsving på offshore og havvind, der vi kjempar om dei same folka, legg Remøy til.
I nokre område er det krav om lokalt mannskap, men offiserane om bord kjem stort sett frå dei nordiske landa og Færøyane.
Publisert: 28.05.2025 11:32
Sist oppdatert: 28.05.2025 21:33






