Lars Løseth Stig Brautaset foto Ogne
EI KRONE: Lars Løseth (på skjerm) og Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset. Løseth tek over Ørsta Torg for ei krone og overtak gjeld for 52,5 millionar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Alti-eigar Lars Løseth kjøper Ørsta Torg

Stig Brautaset har nådd målet om å få seld ut alle eigedomane banken har eigd. Bygget som blir seld i dag har kosta banken rundt 100 millionar i tap og investeringar.

23.06.2021

- Vi har brukt tid på å utvikle og gjere det attraktivt for potensielle eigarar å overta, seier administrerande direktør Stig Brautaset om eigedomsporteføljen banken sat med då han byrja som leiar for Sparebank1 Søre Sunnmøre i 2016.

Banken hadde overtatt eigedomane etter at tidlegare kundar hadde gått overende eller avvikla.

No er det siste store bygget i eigedomsporteføljen til banken seld - Ørsta Torg- eit kontor og forretningslokale på 6500 kvadratmeter i Ørsta Sentrum.

Kjøper for ei krone
Kjøpar er Lars Løseth sitt selskap LL Holding.

LL Holding eig kjøpesenterkjeden Alti, som mellom anna eig kjøpesenteret Alti i Ørsta, like ved Ørsta Torg. Kjøpet skjer ved at LL Holding kjøper banken sitt datterselskap Eiksundregionen Eigedom - som eig bygget.

Avtalen er at LL Holding kjøper Eiksundregionen Eigedom for er ei krone, og at LL Holding også tek over Eiksundregionen Eigedom si gjeld på 52,5 millionar kroner.

Ørsta Torg foto Ogne
ØRSTA TORG: Ørsta Torg er eit forretning- og kontorbygg på 6500 kvadratmeter i Ørsta sentreum. Foto: Ogne Øyehaug

100 millionar kroner
Banken har eigd Ørsta Torg i 11 år, etter at den kjøpte buet etter den førre eigaren gjekk konkurs.

Stig Brautaset seier summen av tidlegare tap og det banken har investert i å oppgradere bygget er omlag 100 millionar kroner.

Banken har tidlegare mellom anna eigd Hotel Ivar Aasen i Ørsta (seld til Havila Holding), det tidlegare fabrikkbygget til komfyrprodusenten Grepa (seld til Landbruksmaskin-forhandlaren Eiksenteret), men det er Ørsta Torg som har vore det økonomisk tyngste engasjementet, ifølgje Brautaset.

Det einaste eigedomsengasjementet banken framleis sit med er hyttetomter på Bondalseidet, etter konkursen i Bondalseidet Hytteutvikling i 2017. Der er fem- seks av 14 opparbeidde tomter ved skitrekket seld.

Utvidar kjøpesenter
LL Holding har utviding av kjøpesenteret i Ørsta øverst på si liste over investeringar som skal gjerast, seier Løseth.

Senteret skal bli større, og Løseth vurdere og om det skal byggast bustadar på senteret.

Koronaepidemien har gjort at moglege leigetakarar har brukt lenger tid enn venta med å bestemme seg. Det er hovudårsak til at det har tatt lenger tid å komne i gang med utbygging enn Løseth opphavleg hadde sett for seg. No seier han håpet er at bygginga er er i gang innan eitt års tid.

Publisert: 23.06.2021 12:03

Sist oppdatert: 24.06.2021 12:18

Mer om