Skjermdump fjorden vår facebookgruppe 11
DELAR BILDE: PÅ Facebook-gruppa Fjorden Vår blir det mellom anna delt bilde og video av verksemda til fiskebåtane på fjorden. Skjermfoto
Nytt

Klagar på sterkt lys frå fiskebåtar

Fleire båtar er melde til politiet i Nordfjord.

NPK
18.08.2022

(NPK): Fleire fiskebåtar som går inn i fjordane på Nordvestlandet for å fiske med lys og not, er melde til politiet.

Notfiske ved bruk av sterkt lys er vanleg i fjordane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord. Når lyskastarane blir slegne på før nota blir kasta, kjem lyset inn i husa og inn på soveromma til folk.

– Folk får ikkje sove på grunn av lys og støy, seier hobbyfiskar Ottar Ekremsæter til NRK.

Politiet skal gjere vurdering

I Kjødepollen i Nordfjord har fleire fastbuande og hyttefolk gått saman og meldt fleire fiskebåtar til politiet.

Ottar Ekremsæter meiner fiskarane ikkje treng å liggje så tett innpå husa i ein trong fjord. Han synest dei bør flytte lenger ut i fjordane, slik at det ikkje oppstår konflikt mellom fiskarane og dei som bur der.

Politiet seier dei skal gjere ei vurdering om lys og støy kan vere straffbare forhold opp mot paragrafane i nabolova.

Delar bilde på Facebook
Lilli Ann Bakkebø på Åheim i Møre og Romsdal har starta ei Facebookside der folk legg ut bilete av fiskebåtane på fjorden.

– Eg legg ut bilete fordi eg ikkje trur folk veit kor gale det er. Problemet er dei armar ut fjordane våre, seier ho.

På Facebooksida er det også bilete av daud fisk og eit feittlag som vart liggjande att etter fisket i fjor. Det var roten stank fleire kilometer innover i fjorden her, seier ho til NRK.

– Skaper aktivitet i lokalsamfunnet
Fleire fiskarar NRK har snakka med seier dei ikkje vil uttale seg i media, men at dei opplever å bli hetsa. Fiskar Erik Gåsvær frå Solund i Sogn tek likevel bladet frå munnen.

– Vi er her for å gjere jobben vår og skaper aktivitet i lokalsamfunnet. Makrellen et alt av yngel, så eg trur konsekvensane hadde blitt mykje større om vi ikkje hadde fiska, seier han.

Leiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag reagerer kraftig på korleis fiskarane blir møtt når dei utøver lovleg næringsverksemd på fjordane. I eit innlegg på NETT NO skriv han at fiskarane blir sjikanert for å hente kortreist mat.

(©NPK)

Publisert: 18.08.2022 15:41

Sist oppdatert: 18.08.2022 17:30

Mer om