Kenneth Brandal foto Ervik Havfiske
SKAL LEIE FORRETNINGSUTVIKLINGA: Kenneth Brandal går inn i ei nyoppretta stilling i Ervik Havfiske. Konsernet har planar om vekst og har etablert ein eige sjømatdivisjon. Foto: Ervik Havfiske
Nytt

Skal hjelpe Ervik med veksten

Kjent ansikt skal leie forretningsutviklinga i fiskerikonsernet på Stad.

Marius Rosbach
18.07.2022

Kenneth Brandal starta som direktør for forretningsutvikling i Ervik Havfiske Holding frå 15. juli. Brandal er en kjend forretningsmann i regionen, med brei erfaring mellom anna frå Mørenot, Atlantic Cod Farms, Plany, Pan Fish og Marine Harvest (no Mowi).

– Eg ser fram til å starte i stillinga saman med alle dei dyktige folka som jobbar i Ervik Havfiske- konsernet. Eg har stor respekt for kva dei har fått til, kva dei har bygd opp og kva dei har oppnådd av resultat over ei årrekke, uttalar Brandal.

Då Stad-konsernet tok kontakt med spørsmål om stilling, var det ikkje vanskeleg å seie ja, legg han til.

Sentral rolle i vekststrategi

Konsernsjef Stig Ervik i Ervik Havfiske fortel at Brandal vil få ei sentral rolle i konsernets vekststrategi i denne nyoppretta stillinga.

– Med all den erfaringa som Brandal har opparbeida frå tidlegare leiarstillingar for fleire selskap, vil det vere ein god ressurs for Ervik Havfiske å ha Brandal med på laget framover.

Administrerande direktør Robert Ervik i Ervik Havfiske ser stor nytte av kompetansen til Brandal og meiner tilsetjinga syner eit tydeleg teikn på at Ervik Havfiske rustar seg mot framtida og jobbar mot ytterlegare vekst.

Har samla salsverksemda
Konsernet som driv verdas største linebåtflåte, har også ein sjømatdivisjon som vart omorganisert i fjor. I selskapet som no heiter Ervik Seafood er aktiviteten frå kaikanten til butikken samla.

Divisjonen omfattar og Måløyterminalen, fryseterminalen som Ervik Havfiske-konsernet kjøpte i 2020.

Det siste tilgjengelege rekneskapen frå 2020 viser ei omsetning på knappe 200 millionar, og eit underskot etter valutatap. Leiinga sa seg likevel nøgd med innteninga frå drifta.

Reiarlaget har óg planar om å bygge eit nytt fiskefartøy som blir det største fartøyet i flåten. Reiarsjef Robert Ervik fortalde tidlegare i år at det nye flaggskipet truleg blir bygd i Tyrkia.

Publisert: 18.07.2022 09:18

Sist oppdatert: 18.07.2022 09:33

Mer om