Sjømat butikkhylle illustrasjon foto marius 11
SJØMAT: Fleire sjømatprodusentar lagar porsjonspakka og meir ekslusive produkt, men dei færraste vender seg til forbrukarar som vil ha mat i farta. Og dei blir det stadig fleire av. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Analyse: Meir fiskesnacks, takk!

Fiskekaker bør ikkje vere det mest spennande matprodusentane har å by folk som vil ete fisk i farta.

Marius Rosbach
24.07.2022

ANALYSE: Eg skal erkjenne at eg har eit personleg motiv for å skrive dette: Eg vil ha fleire alternativ å velje mellom når eg skal ha litt mat på veg til det eine, eller andre.

Sjølv om eg elskar ein kjøtburger frå eit bra gatekjøken, og ikkje går av vegen for ei pølse på næraste bensinstasjon, vil eg helst ha noko sunnare. Og gjerne fisk.

Men sjølv om «alle» er samde om vi bør ete meir fisk, er tilbodet er ikkje mykje å skryte av for dei som vil ha mat «i farta». Og desse blir det stadig fleire av. Folk et gjerne fleire mindre måltid gjennom dagen, og sjølv blant nordmenn nøyer dei færraste seg med brødskiver og gulost.

Du vil kanskje innvende at fiskeindustrien og dei som sel mat, har fått enklare og porsjonspakka mat høgare på agendaen dei siste åra. Og det er rett. Noko har skjedd.

Sjølv McDonalds serverer fisk. Men dei to alternativa på menyen – som til forveksling ser like ut, liknar mest på fish and chips. Med andre ord ikkje spesielt kreativt. Og eg er usikker på kor sunne måltida er, etter at dei har vore innom frityrgryta på veg til disken. Og utvalet hos hurtigmatkjeda er framleis tre gonger større på kylling- og seks gonger større av kjøtrettar.

I daglegvarene er det himmelvid skilnad i talet på tilbod på fiskerettar og kjøttrettar som møter deg i kundeavisene. At eitt av ti tilbod handlar om mat frå havet, er truleg ei overdriving. Sjølv om desse avisene ikkje speglar utvalet du finn i butikkhyllene, er det påfallande at dei store kjedene til dei grader jobbar i mot helsekostråda frå styresmaktene når dei vendar seg til kundane.

Butikkane vil truleg svare at dei «gir folk det dei vil ha». Men kanskje det er ein stad å bidra til ei utvikling, om ein skal få befolkninga til å ete meir sjømat. Utviklinga dei siste åra har gått i feil retning – og spesielt yngre alderskull et stadig mindre fisk enn før.

Sjølv endar eg som oftast med kalde fiskekaker frå butikkhylla. Saman med knekkebrød og juice, har det utgjort mang ein journalistlunsj. Og det er ikkje noko feil med fiskekaker. Dei siste åra har produsentane til og med kome med fleire typar og ulike krydder. Men eg skulle gjerne hatt fleire valmoglegheiter.

Det er fleire grunnar enn mine matvanar til at det kan vere ein god ide å freiste forbrukarane med fleire produkt. Ein av desse er at kring 95 prosent av all sjømaten som blir fangsta og dretta opp her til lands, blir sendt til marknader over heile verda. Der blir råvara gjerne omgjort til arbeidsplassar.

Ifølgje tal frå Sintef var det i 2018 kring 21.000 årsverk i EU knytt til import av norsk fisk. Det er meir enn det doble av heile den norske fiskeindustrien.

Med andre ord er det store moglegheiter for meir verdiskaping her til lands. Og kanskje etterlengta arbeidsplassar til mange kystsamfunn som ligg naturleg til for fiskeflåten.

Leiaren i Fiskeribladet var inne på temaet i fjor i ein kommentar til dei stadig nye eksportrekordane, der laks er dominerande.

«Fortsatt går sjømaten som bulk og råvare til fiskedisker i varehusene, der omsetningen møter forbrukernes manglende kunnskap om tilberedning. Fisk forblir mat for de spesielt interesserte», heitte det i leiaren.

Det klassiske argumentet frå norsk fiskeindustri har vore at det er for dyrt og krevjande å lage rettar ein kan ete «rett frå» emballasjen.

Men nokon gjer heiderlege forsøk. Eit lite googlesøk bringer meg til nettsida laksifarta.no. Det skal ifølgje omtalen vere eit måltid spesialdesigna for småbarnsfamiliar og aktive unge – og kan etast rett frå posen.

Rekneskapane til selskapet som står bak, viser at salet førebels ikkje har teke av. Også eg må innrømme at terskelen for å bestille ein «prøvepakke» med ti posar via nett til 450 kroner, har vore for høg.

Fiskeri- og sjømatminister Bjørnar Skjæran er den siste i rekka av statsrådar som ønsker meir foredling av fisk på norsk jord. I mars fekk han overlevert ein rapport som har sett på moglegheitene for auka foredling og grøn verdiskaping i sjømatindustrien.

Fristen for høyringa av rapporten gjekk ut i juni, og regjeringa skal no jobbe med å finne ut korleis dei vil sette det heile ut i praktisk politikk. Det vil ikkje minst bli ei komplisert politisk øving med sterke krefter som skal kjempe om tilgang på råvarer. Men kanskje er det framleis håp i hengande snøre.

Publisert: 24.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 23.07.2022 23:12

Mer om