Andreas Andenaes daglig leder i Christie Opsahl foto Ogne
NYTT VEKSTÅR: Christie & Opsahl hadde rekordhøg aktivitet i fjor, og har sikra seg ein sterk og god ordrereserve framover, fortel administrerande direktør Andreas Andenæs. Foto
Nytt

Følgjer vekstkurva og auka staben

Ingeniør- og entreprenørfirma set rekordar i turbulent marknad – og kapra rekordstor kontrakt utanfor heimfylket.

Marius Rosbach
30.05.2024

Christie & Opsahl har base i Molde med avdelingar i både Ålesund, Ørsta og Åndalsnes.

Etter å ha lagt bak seg eit fjorår med rekordomsetning, er dei også i ferd med å oppfylle måle om å vekse utanfor heimfylket.

– Vi har akkurat sikra oss ei større kontrakt på kring 230 millionar kroner i Nord-Troms, som vi kan fortelje meir om i løpet av kort tid, fortel administrerande direktør Andreas Andenæs til Nett No.

Oppdraget er kanskje det største selskapet har sikra seg utanfor Møre og Romsdal nokon gong – og iallfall på fleire tiår – legg han til.

Auka inntektene med nær 100 millionar
Inntektene til ingeniør- og entreprenørfirmaet nådde nye høgder i 2023, viser rekneskapen som no er offentleg.

Omsetninga steig med nær 100 millionar til 776 millionar kroner. Med andre ord var Andenæs nær målet om å bikke 800 millionar, som han fortalde Nett No om i fjor sommar.

Overskottet gjekk litt ned samanlikna med året før (sjå tabell under).

Christie & Opsahl
Årsresultat (i mill kr)20232022
Driftsinntekter771,7674,6
Driftsresultat3235,1
Resultat før skatt36,340,2

Nær 40 fleire årsverk
Christie & Opsahl har klart å halde aktiviteten oppe, i ei tid der bygg- og entreprenørbransjen over store delar av landet opplever brems i marknaden.

Saman med oppkjøp førte det til at staben auka betydeleg i løpet av fjoråret. Ved utløpet av 2023 var dei oppe i 182 årsverk, ei auke på 37 frå året før.

I dag er det oppe i nær 200 tilsette i alt, fortel Andenæs.

– No har vi greitt med arbeidskraft fordi vi tok grep i påvente av den veksten vi opplever, fortel han.

«Stø vekstkurs» også i år
Etter det han omtalar som ein «tøff anbodsvinter» i bransjen, har dei likevel sikra seg ein sterk og god ordrereserve, fortel han.

– Vi har stø vekstkurs også i år med godt trykk, og held fram å vekse både geografisk og i storleik i år, legg han til.

I tillegg til å kapre meir av marknaden på Nordvestlandet, spesielt Sunnmøre, har dei mål om å vekse meir i Nord-Norge.

Christie & Opsahl-sjefen ser heller ikkje vekk frå at det kan vere aktuelt med nye oppkjøp for å sikre meir vekst.

Solid utbytte og eigenkapital
Selskapet er 100 prosent eigd av COB Holding, som er delvis eigd av tilsette og delvis av KB Gruppen på Austlandet.

For fjoråret fekk dei utbetalt 32 millionar i utbytte frå Molde-bedrifta.

Eigenkapitalen i selskapet var framleis på nær 50 millionar ved utløpet av 2023 og langsiktig gjeld var på ein halv million, viser årsmeldinga.

Publisert: 30.05.2024 12:42

Sist oppdatert: 30.05.2024 12:49

Mer om