Skal finne ut korleis Hywind Tampen påverkar fisken
Havforskingsinstituttet skal forske på flytande vindturbinar.
Korleis påverkar det flytande havvind-prosjektet på Hywind Tampen fiskebestanden i området? Det har Havforskingsinstituttet (HI) no fått 12 millionar kroner for å forske på.
Prosjektet WinSys, som er eit samarbeid mellom forskingsinstitusjonar, næringsaktørar og forvaltning, har fått støtte i den siste tildelinga frå Forskingsrådet.
– Utviklinga innan havvind skjer veldig raskt. Vi vil bruke den første havvindparken i Noreg til å skaffe kunnskap om effektar av flytande turbinar, slik at denne kunnskapen kan brukast ved planlegginga av seinare utbyggingar, seier prosjektleiar Karen de Jong i ei sak på nettsida til HI.
Observasjonsplattform
Hywind Tampen er Equinors anlegg for å forsyne Snorre- og Gullfaks-felta i Nordsjøen med elektrisk kraft. Den skal bestå av 11 flytande vindturbinar og blir den første flytande vindparken i den norske delen av Nordsjøen.
Forskarane skal sette ut ein observasjonsplattform for å samle data på Tampen-anlegget. Plattforma består av ein modul med ekkolodd og mikrofon som skal stå fast på havbotnen, og ei større flytebøye utstyrt med kamera og ulike sensorar.
Målet er å sjå om turbinane tiltrekker seg pelagisk fisk. Kamera vil også fange opp interaksjonar mellom fisk og sjøfugl, og ein vil studere effektar av støy og oppvelling.
Forskingsfartøy og dronar
I tillegg skal forskarane samle data gjennom tokt med forskingsfartøy og dronar, for å følgje utviklinga i eit større område rundt vindparken. Målet er å utvikle ein modell som kan brukast til å vurdere ulike scenario ved planlegging av vindparkar til havs.
– Sidan dette er den første norske havvindparken har vi stort fokus på metodeutvikling. Tampen blir vårt testområde for å utvikle metodar og modellar for å vurdere miljøpåverknad og sameksistens med fiskeri, seier de Jong.
Publisert: 23.06.2022 08:58
Sist oppdatert: 23.06.2022 08:58