Skal finne synergiar rundt Stad skipstunnel
Synnøve Aabrekk tilsett som prosjektleiar for kommunane Stad, Kinn og Vanylven.
Styringsgruppa i Stad skipstunnel for kommunane Stad, Kinn og Vanylven har tilsett Synnøve Aabrekk frå Nordfjordeid som prosjektleiar for sitt felles tunnelprosjekt. Saman med seg har ho dei tre utviklingsselskapa Stad Vekst, Måløy Vekst og Vanylven Utvikling som i fellesskap vann konkurransen som går ut på å vurdere andre regionale ringverknadar i samband med realisering av skipstunnelen.
Arbeidet bygger på kommunane sin prosjektplan innanfor satsingsområda reisemål, lokalsamfunn og næringsutvikling, samt effektive transportaksar og auka mobilitet, vert det opplyst i ei pressemelding.
Brei erfaring som prosjektleiar
Det vert vist til at Synnøve Aabrekk har over 25 års erfaring som rådgjevar innan strategi og forretningsutvikling, marknads- og prosjektutvikling i Segel AS. Ho kjenner såleis godt til næringslivet i området gjennom fleire år som rådgjevar, dagleg leiar og prosjektleiar for ulike typar prosjekt.
Dei siste fire åra har ho vore i Agder, og hatt rolla som dagleg leiar for landsdelsselskapet Visit Sørlandet. Ho har erfaring som prosjektleiar for fleire større prosjekt, mellom anna Sagastad og VAKN i Nordfjord, Destinasjon Bergensbanen og Kystpilegrimsleia.
Aabrekk er også styreleiar i Techpoint AS, som er den raskaste veksande næringskonferansen i landet, med fokus på miljø, teknologi og berekraft.
Særs godt nøgde
I styringsgruppa sit også Randi Humborstad, Liv Ingrid Koller-Borg, Frank Willy Djuvik og Tor Inge Nygård, i tillegg til reiselivsekspert Sigrid Oterholm Hoem, som er rådgjevar i Gyger.
Dei tre ordførarane har til no styrt prosjektet i fellesskap, men opplyser i pressemeldinga at dei er særs nøgde med å få dagleg leiing på plass i organisasjonen.
Ordførarane Gunnar Silden, Ola Teigen og Lena Landsverk Sande ser fram til tett og godt samarbeid med Aabrekk, i styringsgruppa der både fylkeskommunane og Kystverket også er inkludert.
Publisert: 22.11.2022 13:16
Sist oppdatert: 22.11.2022 13:30