Stad skipstunnel foto kjødepollen innfelt terje skjeppestad moldefjorden foto Pål Are Lilleheim Kystverket 11
PROSJEKTLEIAR: Terje Skeppestad i Kystverket leiar arbeidet med å bygge Stad skipstunnel. Det er venta at prosjektet skal ut på anbod i løpet av 2023. Foto/illustrasjon: Pål Are Lilleheim/Kystverket .
Nytt

Toppa lag til Oslo om skipstunnelen

Nasjonale aktørar skal framsnakke regionens store samferdselsprosjekt.

Marius Rosbach
23.02.2023
Måløy Vekst, Stad Vekst og Vanylven kommune inviterer Oslo-baserte aktørar til å komme til møte i Oslo 14. mars om bygginga av Stad Skipstunnel.

Samferdsleprosjektet med ein prislapp på minst 3,5 milliardar, er mellom dei største investeringane på Nordvestlandet dei komande åra. I løpet av året kjem truleg pristilboda frå entreprenørane, om utbygginga.

Om alt går etter planen vil det som blir verdas første tunnel for vanlege skip, stå klar i 2028 eller 2029.

På møtet på Hotel Bristol i Oslo kjem mellom anna Fiskebåt-leiar Audun Maråk, Sjømat Norge-sjef Geir-Ove Ystmark og leiar Tor-Arne Borge i Kystrederiene, i tillegg til Frode Sund frå NHO Sjøfart.

Også prosjektleiar Terje Skjeppestad og kystdirektør Einar Vik Arset stiller på møtet.

Åtte av ti vil bruke skipstunnelen
Ein undersøking blant medlemane i Kystrederiene viser at heile åtte av ti vil nytte seg av tunnelen på regulær basis.

Både fiskebåtar, brønnbåtar, servicebåtar, konteinarskip, hurtigbåtar og kystruta vil kunne bruke skipstunnel.

Tilhengarane har argumentert for at tunnelen vil redusere risikoen for skipsulukker og ventetida for skipsfart, i tillegg til å legge til rette for meir sjøtransport av gods.

Planar om hurtigbåt Bergen-Ålesund
For nærskipsfarten vil skipstunnelen gi sikrare leveransar, mindre ventetid og kortare transporttid. I tillegg kan kvaliteten på råvarer som skal fraktast forbi Stad helde seg betre.

Det er også planar om å etablere hurtigbåt Ålesund-Bergen, som vil styrke både næringsutvikling, mobilitet og sysselsetting på kyststrekninga.

Publisert: 23.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 28.08.2023 09:32

Mer om