Til neste vår kan Stryn ha fått både klatrepark i tretoppan og ein gjestegard med 32 rom ved skianlegget. Det er hyttefeltutbyggjar Otto Vik som står bak planane, og rett før påske sa kommunestyret samrøystes ja til utbygginga.
Vik seier det er snakk om ei investering på 75-80 millionar kroner, der klatreparkeutbygginga utgjer rundt åtte millionar.
Stryn treng fleire "varme senger", seier Otto Vik. Det skal gjestegarden bøte på, og Vik sr også for seg at selskapet som skal drive gjestegaden også kan tak på seg å stå for det praktiske om private hytteigarar i området vil leige ut hyttene sine når dei ikkje er i bruk.
Nøyaktig omfang av utbygginga er ikkje klar, og heller ikkje graden av servicenivå på gjestgarden er klart.
Vik ser for seg eit selskap med tilsette å heilårsbasis, som også kan vere engasjert i eit samarbeid om drifta av skisenteret om vinteren.
Vik seier han har cirka 90 hyttetomter att å selje, 50 av dei er ferdig regulert.
Etter at utbygginga av Bøanedsetra var ferdig er det Otto Vik som er den store hytteutbyggjaren i Stryn. Vik sitt hyttefelt, Hydla Hyttegrend, vil romme 140- 150 hytter når det står ferdig utbygd.
Vik seier det er snakk om ei investering på 75-80 millionar kroner, der klatreparkeutbygginga utgjer rundt åtte millionar.
Varme senger
Poenget med klatreparken er så skape større aktivitet heile året i hytteområdet ved Stryn. Gjestegarden skal sørge for at besøkande også har eit overnattingstilbod.Stryn treng fleire "varme senger", seier Otto Vik. Det skal gjestegarden bøte på, og Vik sr også for seg at selskapet som skal drive gjestegaden også kan tak på seg å stå for det praktiske om private hytteigarar i området vil leige ut hyttene sine når dei ikkje er i bruk.
Open for medeigarar
Eit eige selskap skal stå for utbygging og drift av klatrepark og gjestegard. Vik seier han vurderer å invitere investorar inn i prosjektet, men førebels er inga avgjerd tatt.Nøyaktig omfang av utbygginga er ikkje klar, og heller ikkje graden av servicenivå på gjestgarden er klart.
Vik ser for seg eit selskap med tilsette å heilårsbasis, som også kan vere engasjert i eit samarbeid om drifta av skisenteret om vinteren.
16 tomter selde
Ein god snøvinter har vore med og løfta salet av hyttetomter. Så langt i år har Vik seld 16 tomter. Det er to meir enn i heile fjor, og fire under rekorden på 20 tomter frå 2016.Vik seier han har cirka 90 hyttetomter att å selje, 50 av dei er ferdig regulert.
Etter at utbygginga av Bøanedsetra var ferdig er det Otto Vik som er den store hytteutbyggjaren i Stryn. Vik sitt hyttefelt, Hydla Hyttegrend, vil romme 140- 150 hytter når det står ferdig utbygd.
Publisert: 03.04.2018 11:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20