Havila Capella jomfrutur Mjølstadneset velkomst foto kjetil 11
MJØLSTADNESET: I framtida kan det bli fleire stopp ved Mjølstadneset for Havila Kystruten sitt skip Havila Capella. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Klart fleirtal for Mjølstadneset

Fleire åtvara mot å skifte hurtigruteanløp – men flest ville droppe Torvika.

Marius Rosbach
26.05.2023

Kommunestyret i Herøy vedtok torsdag kveld å jobbe for eit byte av anløpshamn for skipa til Hurtigruten og Havila Kystruten.

Skipa legg i dag til kai i Torvik når dei kjem til Herøy. Her er det terminal for passasjerar og gods som er drifta av Herøyterminalen.

Framover skal administrasjonen jobbe for å endre anløpa til Mjølstadneset og Fosnavåg Næringspark – og kome tilbake til politikarane når nærare avklaring er på plass.

– Ei kai som blir utilgjengeleg
Vedtaket blei gjort med eit klart fleirtal mellom dei 33 kommunestyrerepresentantane, men seks stemde også mot.

Karl Oskar Sævik (Frp) som stemte mot å skifte anløp i formannskapet, var på talarstolen fleire gonger torsdag.

– Mjølstadneset er ein servicebase og om Hurtigruta kjem dit to gongar i døgnet, så blir det ei kai som blir utilgjengeleg, sa Sævik.

Han meinte det fekk fleire uheldige konsekvensar og at han hadde fått signal om dette frå brukarane av kaia. Sævik sa han stolte meir på dei, enn den anonyme undersøkinga som låg ved saksutgreiinga.

Herøyterminalen Torvik
TORVIK: Færøy-selskapet Vónin Refa har tapt stort på Herøyterminalen. Hurtigruten og Nor-Lines har vore viktigaste inntektskjeldene , men omsetninga har gått ned under koronaepidemien.

Etterlyste samla plan for Mjølstadneset
Richard Gjerde (H) var også uroa for konsekvensane for andre fartøy som skulle nytte kaia. Han fortalde at fiskebåtreiarane ikkje var spurt kva dei meiner om at kaia blir oppteken to gonger for døgnet.

Gjerde etterlyste ein samla plan for bruken av Mjølstadneset, og var skeptisk til å nytte pengar på eit skifte, utan at saka var meir grundig vurdert og utgreia.

– Eit enormt potensiale
Linn-Therese Sævik (Krf) bad medpolitikarane løfte blikket og meinte eit skifte til Mjølstadneset kunne bety mykje for reiselivet i kommunen.

– Eg meiner det har eit enormt potensiale om vi spelar korta våre rett, sa Sævik.

– Vi kan seie mykje fint om Torvika som hamn, men på Mjølstadneset og Fosnavåg Næringspark, så er det mykje meir liv og røre, la ho til.

KrF-politikaren påpeika også at sjølv om brukarundersøkinga var anonym, så var det berre to av svara som var negative til eit byte.

Vi kan seie mykje fint om Torvika som hamn, men på Mjølstadneset og Fosnavåg Næringspark, så er det mykje meir liv og røre
Linn-Therese Sævik

Viste til cruisesatsing
Per Kristian Furø (Ap) var óg ein tydeleg tilhengar av å skifte anløpa til Mjølstadneset.

Han var ikkje i tvil om at kommunen elles, kunne gå glipp av store inntektsmoglegheiter. Furø viste også til at eit cruisenettverk jobba for å utvikle tilbodet på Mjølstadneset.

– Er du verkeleg imot det, spurte han henvist til Karl-Oskar Sævik.

Like moglegheiter i Torvika
Frp-politikaren svara at cruiseskip som ønska å kome til Mjølstadneset uansett kunne booke seg inn som alle andre.

– Og moglegheita til å sette ein buss på kaia og køyre folk rundt om kring, er akkurat lik i Torvika, som på Mjølstadneset, svara Sævik.

Noko alternativt forslag vart ikkje fremma i saka, som blei vedteke mot seks stemmer.

Publisert: 26.05.2023 13:25

Sist oppdatert: 26.05.2023 13:25

Mer om