Havila Capella jomfrutur Mjølstadneset velkomst foto kjetil 11
MJØLSTADNESET: Ein rekke aktørar har jobba for å skifte anløp for Havila Kystruten og Hurtigruten sine skip i Herøy. I dag legg skipa til kai i Torvika, medan tilrådinga til kommunestyret, er å skifte til Mjølstadneset. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Delte syn om bytte av kystruteanløp

Herøy-politikarane tek stilling til om dei skal droppe Torvika til fordel for Mjølstadneset.

Marius Rosbach
25.05.2023

Skifte av anløpshamn for den tradisjonelle kystruteseglasen mellom Bergen og Kirkenes, har i lengre tid vore tema i Herøy.

Torsdag tek kommunestyret stilling til om skipa framleis skal legge til kai i Torvika, eller i staden skal bytte til Mjølstadneset.

Skipa til Hurtigruten og Kystruten legg i dag til kai i Torvik når dei kjem til Herøy. I Torvika er det terminal for passasjerar og gods som er drifta av Herøyterminalen.

Samtidig har det vore ei rivande utvikling på Mjølstadneset med kaiutbygging og ei rekke bedriftsetableringar.

Tre mot seks i formannskapet
Då saka var oppe i formannskapet vart det fleirtal seks mot tre stemmer for å skifte anløp. Forslaget som ligg på bordet til kommunestyret går difor ut på å skifte anløp.

I formannskapet stemte Tor Sindre Steinsvik frå Høgre, Bjarne Kvalsvik frå Folkelista og Karl-Oskar Fjørtoft frå Framstegspartiet mot forslaget om å skrote Torvika.

Høgres andre representant i formannskapet stemte for saka – som betyr at det er delte oppfatningar om saka i partiet.

Havila diamanten mjølstadneset foto marius 11
HAVILA-HOVUDKONTOR: Fleire Havila-selskap er mellom dei som har kontor i «Diamantbygget» på Mjølstadneset. Foto: Marius Rosbach

Vil ha saka tilbake for endeleg avgjerd
Mellom kommunestyret sine 33 representantar har Høgre ti, medan Folkelista har fire og Frp tre.

Sist Herøy-politikarane hadde saka på sitt bord, ville dei ha dei økonomiske konsekvensane på bordet, før dei sa endeleg ja.

I forslaget til kommunestyret torsdag er det påpeika at saka skal tilbake for ei endeleg avgjerd «når nærare avklaring er på plass».

Ervik & Sævik-satsing
Kommunedirektøren har vore klar i si anbefaling om å gå for Mjølstadneset som ny stoppestad.

Tilbakemeldingar frå 24 næringsaktørar med tilknyting til Mjølstadneset, viste at 19 stilte seg positive til eit skifte av stoppestad. To var negative og tre stilte seg nøytrale.

I saksutgreiinga blir det vist til at Ervik & Sævik stadfestar at dei vil ta hand om gods og anna servicetilbod i samband med anløp ved området som er omdøypt til Fosnavåg Næringspark.

Herøy-reiarlaget har opna serveringsstad og kunstgalleri med Kaviarfabrikken i Lofoten som forbilde. Dei er óg med i eit samarbeid om anløp av mindre cruiseskip.

Har forsøkt å selje i Torvika
Herøyterminalen som i dag står for drifta i Torvika, er eigd av selskapet Vonin Refa.

Eigarane har vore kritiske til at kommunen har jobba for eit skifta av stoppestad.

Drifta har gått i minus i fleire år og dei har tidlegare forsøkt å selje eigedomen. Forpliktingar om å drifte hurtigruteterminal på staden, har gjort dette vanskeleg.

Herøyterminalen Torvik
TORVIK: Færøy-selskapet Vónin Refa har tapt stort på Herøyterminalen. Hurtigruten og Nor-Lines har vore viktigaste inntektskjeldene , men omsetninga har gått ned under koronaepidemien.

Publisert: 25.05.2023 08:26

Sist oppdatert: 25.05.2023 08:28

Mer om