Klart for marine grunnkart
HAVBOTN: Ei brosme sym på ein botn der det finst lophelia-korall, risengrynskorall og dvergsjøtre. No skal lyset på havbotnen slåast på gjennom utarbeiding av marine grunnkart.
Nytt

Klart for marine grunnkart

Etter at kommunane gjekk inn med pengar, er det klart for å lage marine grunnkart for søre Sunnmøre.

11.08.2014
Runde Miljøsenter skal ha ei koordinerande rolle i prosjektet, opplyser dagleg leiar Nils-Roar Hareide i ei pressemelding.
Det er dei fem kommunane Herøy, Sande, Ulstein, Hareid og Vanylven som har gått saman med NGU (Norges Geologiske Undersøkelser) for å gjennomføre oppmålingar og prøvetaking for å lage marine grunnkart.
- Karta har svært høg oppløysing og er svært detaljerte. Dei vil gi eit heilt nytt bilde av korleis det undersjøiske landskapet ser ut.

Stor nytte

Nils-Roar Hareide har vore pådrivar for prosjektet, og er glad for at ein no er i mål økonomisk.
Les meir .
- Dette vil vere til stor glede og nytte for både kommunar, næringsliv og privatpersonar.
Søre Sunnmøre er peikt ut som pilotområde for å lage desse karta. Hareide seier at ein oppstart var heilt avhengig av kommunane si deltaking og engasjement.
- Dette har enda opp med felles finansiering mellom dei fem kommunane, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NGU. NGU finansierer 50 % av kostnadane i kartleggingsarbeid som dei skal utføre, seier Hareide.

Klart for tokt

Hareide opplyser at tidsbruk til kontakt mellom partane, epostar, telefonar, møteplanlegging, reiser og møter er 50% finansiert av eit forprosjekt finansiert av Møre og Romsdal Fylkeskommune. Høgskulen i Ålesund, Møreforsking og Bioforsk på Tingvoll har og tatt del i prosjektet.
Arbeidet omfattar kartlegging av sjøområda i kommunane for å framstille marine grunnkart med temakart. NGU gjennomfører tokt med videofilming, akustiske undersøkingar og prøvetaking som grunnlag for utarbeidinga av karta.

Kommunane er oppdragsgivar

Resultata frå kartleggingsarbeidet vil bli lagra i NGU sine databasar, og karta vil bli publisert på og . Produkta frå kartlegginga vil også bli levert til kommunane.
NGU gjennomfører det praktiske arbeidet i prosjektet. Det er utarbeidd avtale om dette.
Kommunane står som oppdragsgivar for prosjektet. Runde Miljøsenter skal leigast inn av kommunane til vere lokal koordinator.
Det er sett opp fem milepelar for prosjektet:

Milepel nr.

Milepel

Milepeldato

1Oppstart av tokt 201412. 08 2014
2Data og prøver frå tokt i 2014 tilrettelagt for tolking15. 11 2014
3Foreløpige kart basert på data innsamla i 201415. 05 2015
4Data og prøver frå tokt i 2015 tilrettelagt for tolking15. 11. 2015
5Marine grunnkart publisert på nett og rapport levert prosjektleiar15. 05 2016


Dei vil gi eit heilt nytt bilde av korleis det undersjøiske landskapet ser ut

Publisert: 11.08.2014 14:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36