Klippfiskprodusenten Johan Giskeødegård fekk nye eigarar tidlegare i år, kunne Nett No nyleg fortelje – men ikkje kven eigarane var.
No stadfestar Ted Robin Endresen at det er snakk om i alt fem selskap som inngjekk ein avtale om å kjøpe aksjane i Valderøy-bedrifta som har vore i familien Giskeødegård sitt eige sidan oppstarten i 1938.
Endresen, som også er gått inn som styreleiar i klippfiskbedrifta, er ein stor aktør i kvitfisk saman med kompanjongen Tom Grande.
Dei driv mellom anna Øksnes Kystfiske som er store på kvitfisk i kystflåten og industrikonsernet Myre Fiskemottak.
Dette er dei nye eigarane: (del i parentes)
- Myre Fiskemottak AS 41,1857%
- Ted Endresen Holding AS 15,8571%
- Falch Svolvær AS 15,8571%
- Roro Invest AS 15,8571%
- Nor Seafoods AS 11,2429%
Planlegg å bli fleire
Endresen skriv i ein e-post til Nett No at Johan Giskeødegård As no har 22 tilsette – ti fleire enn årsmeldinga viste at dei hadde i fjor.
Samtidig siktar dei med å bli fleire.
– Vi reknar med å vere opp mot 30 frå 1. februar neste år, skriv han.
Fekk tilført kapital etter smell i 2023
2023-rekneskapen viste at Johan Giskeødegård As fekk eit betydeleg underskot i fjor, og trengte ny kapital.
Dette kom på plass med nye eigarar.
I samband med eigarskiftet blei det tilført kapital på 6 millionar, samtidig som leverandørgjeld på 6,6 millionar blei konvertert til eigenkapital. Dei fekk også innvilga lån og ekstra kreditt.
Meir råvarer og vidareforedling
Samtidig var det ein føresetnad at nye eigarar kunne tilføre selskapet råstoff og fleire alternative salskanalar.
Endresen skriv at drifta etter forholda har vore tilfredsstillande, og i tråd med planen som var lagt.
Han skriv at dei ser verdien av ein meir integrert verdikjede med tanke på meir krevjande tilgang på råvarer framover – og auka verdiskaping mellom anna med meir vidareforedling av saltfisk frå nord.
Publisert: 03.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 03.12.2024 00:51