Då Giske Invest melde oppbod til Møre og Romsdal tingrett denne veka, markerte det slutten på eit meir enn 85 år langt lokalt eigarskap for klippfiskbedrifta Johan Giskeødegård As på Valderøya
Onsdag blei det opna konkurs i eigarselskapet som har vore i familien Giskeødegård sitt eige sidan oppstarten i 1938. Oppbodet var ei styrt avvikling.
I rekneskapen for fjoråret går det fram at Johan Giskeødegård As gjekk på eit kraftig underskott på over 19 millionar kroner i 2023 (sjå tabell under).
I løpet av hausten i fjor vart det sett i gong eit arbeid med å finne alternative løysingar for å finne ei løysing på den økonomiske situasjonen og berge selskapet.
Resultatet blei at eigarselskapet Giske Invest selte sine aksjar i Johan Giskeødegård As, og at nye eigarar tok over, ifølgje årsmeldingane for 2023.
Johan Giskeødegård As | ||
I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 190,3 | 155,8 |
Driftsresultat | -13,6 | 4 |
Resultat før skatt | -19,1 | 0,7 |
Ny styreleiar er storaktør i kvitfisk
Nett No er ikkje kjent med kven som kjøpte aksjane. Dagleg leiar Johan Giskeødegård, avslo å kommentere saka til Nett No onsdag.
Han viste til styreleiar Ted Robin Endresen, som onsdag ikkje svarte på spørsmål om kven som er dei nye eigarane av Johan Giskeødegård As.
Nordlendingen si forretningsverksemd kan likevel gi eit hint.
Saman med samarbeidspartnaren Tom Grande, driv Endresen mellom anna Øksnes Kystfiske som er store på kvitfisk i kystflåten og industrikonsernet Myre Fiskemottak.
Fekk tilført kapital ved eigarskiftet
I årsrapporten frå styret i Johan Giskeødegård As for fjoråret går det fram selskapet kom i mål med prosessen med nye eigarar i februar 2024.
I samband med eigarskiftet blei det tilført kapital på 6 millionar, samtidig som leverandørgjeld på 6,6 millionar blei konvertert til eigenkapital. Dei fekk også innvilga lån og ekstra kreditt.
Med nye eigarar og betre finansiering, meiner styret det er grunnlag for vidare drift av klippfiskbedrifta som hadde 12 tilsette i 2023.
Skal gi meir råstoff og fleire salskanalar
I årsmeldinga for Johan Giskeødegård As blir det påpeika at konkurransen i marknaden er hard.
Samtidig er det ein føresetnad at nye eigarar kan tilføre selskapet råstoff og fleire alternative salskanalar. Dette trur styret vil gi berekraftig inntening på sikt.
Omsetninga i 2024 er venta å bli lågare enn i fjor. Dei ser også at det er ein viss overkapasitet i næringa som kan medføre utfordringar med å oppnå marginane selskapet ønsker, skriv styret.
Det blir understreka at selskapet sin likviditet er svært anstrengt og at gjelda utgjer ein betydeleg risiko.
Publisert: 14.11.2024 05:00
Sist oppdatert: 13.11.2024 23:39