Klyngeanalysen: – Pilene peiker oppover
Grunn til optimisme – men verfta slit framleis, påpeiker Menon.
– Hovudbilde er positivt om vi ser på situasjonen for neste år, fortel Eirik Jakobsen i Menon Economics til NETT NO om årets klyngeanalyse.
– Pilene peiker oppover, spesielt for utstyrsleverandørene, men også for tjenester som skipsdesign. Verfta derimot sliter framleis, medan det ser meir positivt ut for reiarlaga, legg han til.
Hovedgrunnane til veksten er ein generell utvikling i marknaden med større etterspurnad.
Ventar auka inntekter
I 2021 var dei samla inntektene til klynga på mindre enn 50 milliardar. Neste år ventar Menon at omsetninga vil auke til 58 milliardar kroner. Om lag halvparten av dette går til eksportmarknaden.
Som NETT NO omtalte onsdag vil utyrsleverandørane til den maritime klynga stå for den største inntektsveksten i 2023 om bedriftene sine forventningar slår til.
Deira omsetning vil utgjere kring 21 milliardar. Skipsdesign vil vere nest størst med ei omsetning på kring 14 milliardar, medan reiarlag og verft står for kring 11 milliardar kvar.
Trur på betre lønnsemd
I forkant av koronapandemien var lønnsemda på ein oppadgåande trend. Det
snudde då pandemien slo til i 2020 og reduserte drastisk utsiktene for
lønnsemda.
I dag er forventingane kring lønnsemda høgre enn både 2020 og 2021.
58 prosent av dei spurte ventar større overskot i år, ei auke på ti prosent frå i fjor. Det er også langt færre bedrifter som ventar lågare lønnsemd.
Havvind vil bli viktigast
Jakobsen påpeiker at offshoremarknaden innan olje- og gass framleis er mest viktig, men også for havvind peiker pilane oppover.
Havbrukmarknaden er også i vekst og er venta å vere den nest største marknaden dei neste fem åra. Havvind vil vere størst.
Også bygging av passasjerskip som cruiseskip, ferjer og hurtigbåtar har eit stort potensial.
Ventar fleire sysselsette
Tallet på sysselsette i klynga har gått ned sidan toppåret 2014, då den hadde kring 19.000 årsverk.
I 2021 hadde klynga om lag 14.000 sysselsette. Det er venta å stige i år og neste år til kring 17.000 årsverk.
Publisert: 22.09.2022 15:39
Sist oppdatert: 22.09.2022 15:54