Erik Jakobsen Menon Economics
NY ANALYSE: Erik Jakobsen frå Menon Economics legg fram Klyngeanalysen 2022 i morgon. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordtangering for utstyrsindustrien

Leverandørane i den maritime klynga ventar at inntektene neste år blir på linje med rekordåret 2013.

21.09.2022

Utstyrsleverandørane til den maritime klynga omfattar mellom andre Kongsberg Maritime, Brunvoll og Ulstein-konsernet, og leverer maskiner, gir, pumper, vinsjar og anna utstyr som skal brukast på skip og plattformer.

Det er desse bedriftene som vil stå for den største inntektsveksten inn i 2023 om bedriftene sine forventningar slår til, ifølgje Klyngeanalysen.

Analysen blir lagt fram på GCE Blue Maritime sin årlege klyngekonferansen i Ålesund i torsdag.

Rapporten er laga av Menon Economics, og omfattar både skipsverft, skipsdesignselskap, reiarlag og utstyrsleverandørar.

Skip og utstyr til oljebransjen var den viktigaste marknaden for den maritime klynga fram til oljeprisfallet i 2014 utløyste krise for offshorereiarlaga og byggestopp hos verfta.

Framover er det skip for bygging og drift av vindkraftanlegg til havs og fartøy til oppdrettsnæringa som vil vere dei viktigaste marknadane for bedriftene i den martime klynga på Nordvestlandet, etter Menon Economics si vurdering.

Trur på cruise
Sjølv om første runde med bygging av cruisebåtar gav verft på Nordvestlandet sviande tap, meiner Menon Economics at det ligg eit stort potensiale for maritime bedrifter på Nordvestlandet i bygging av cruisebåtar, ferger og hurtigbåtar, ifølgje ei pressemelding frå GCE Blue Maritime.

Ei viktig årsak til at Menon Economics gjer den vurderinga, er at arbeidet for å utvikle båtar som kan drivast med energikjelder som ikkje gir CO2-utslepp, er kome lengst innan cruise-, ferge- og hurtigbåtmarknaden. Der har Noreg eit forsprang, mellom anna takke vere ein stor heimemarknad.

Publisert: 21.09.2022 13:18

Sist oppdatert: 22.09.2022 11:18