Knapt fleirtal for å dele Kinn
Folkerøysting om Vågsøy og Flora igjen skal bli eigne kommunar.
4.665 har førehandsstemt fram til fristen gjekk ut 30. august. Det svarer til 35 prosent av dei stemmeføre, ifølgje Bergens Tidende.
51,7 prosent av desse stemde altså for å dele opp kommunen, medan 46,8 prosent stemde for å halde kommunen samla. 1,5 prosent har stemt blankt, skriv Firdaposten.
I den rådgivande folkeavstemminga har innbyggjarane teke stilling til om Vågsøy og Flora igjen skal bli eigne kommunar.
Stor interesse
Dei siste vallokala stengde klokka 19, medan vallokala i valkrinsane Norddalsfjord og Stavang stengde klokka 18, ifølgje NRK.
Det var jamt sig av folk inn i Florø Kulturhus den første timen etter at vallokala opna klokka 11 torsdag, skriv Firdaposten.
48 prosent av dei som har stemmerett i Måløy-området, har allereie førehandsstemt, medan 28 prosent av dei som kan stemme i Florø, allereie har stemt, ifølgje avisa.
I 2020 vart kommunane Vågsøy og Flora i Vestland frivillig slått saman til Kinn. Det har skapt sterke reaksjonar i lokalsamfunnet, særleg fordi kommunen er sett saman av to geografisk skilde område.
To rapportar
Det har vorte levert to rapportar om konsekvensane av å dele opp kommunen.
Ein av rapportane, bestilt av Statsforvaltaren i Vestland, konkluderer med at ei oppdeling av kommunen kan skape utfordringar med å gi innbyggjarane eit godt tenestetilbod.
Den andre rapporten er laga av Kommunekonsult og bestilt av Lokalsamfunnsforeningen, som er motstandar av tvangssamanslåtte kommunar. Den konkluderer med at kommunen bør løysast opp, særleg fordi det er så stor reiseavstand mellom dei to opphavlege kommunane.
(©NPK)
Les også
Publisert: 01.09.2022 20:44
Sist oppdatert: 01.09.2022 20:49