Jan Vablum hordaland tingrett Marius Rosbach
TAPTE I TINGRETTEN: Jan Vablum førte saka i Hordaland tingrett for buet som har saksøkt den tidlegare eigaren av Kleven Verft. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Konkursbuet vil ha omkamp om Kleven-søksmål

Ankar frifinning av tidlegare verftseigar.

Marius Rosbach
12.12.2023

Buet etter Kleven-konkursane ankar frifinninga av Tomislav Debeljak til lagmannsretten, ifølgje Kystens Næringsliv.

«Anken kan begrunnes med ett ord: Bevisbedømmelse. Det betyr at retten etter vår oppfatning ikke har tatt hensyn til bevis som ble framlagt knyttet til den uaktsomheten som boet mener gir grunnlag for kravet på 136 millioner til kreditorene etter konkursen», seier saksøkarane sin advokat Jan Vablum til nettavisa.

Frikjent for søksmål på 136 millionar
Den kroatiske forretningsmannen var saksøkt for opptil 136 millionar kroner. Også forsikringsselskapet Tryg som hadde teikna styreforsikring for Debeljak, var saksøkt.

Gjennom sju dagar fekk tingretten tidleg i november høyre dramaet kring Kleven Verft, etter at Debeljak kom inn som eigar våren 2020.

Både Debeljak og forsikringsselskapet blei frikjent for søksmålet.

Dommen la skulda på bankane
Dommen la i stor grad skulda på bankane for tapa som oppstod, og meinte dei hadde andre alternativ enn å seie opp låneavtalane med verftsselskapet.

Tre verftsselskap gjekk konkurs sommaren 2020 og kring 430 tilsette blei råka. Allereie då konkursen var eit faktum meinte Debeljak at han var urettvist behandla. Det stod den tidlegare verftseigaren på, då han forklara seg i retten og bad om frifinning.

Bustyrar Bjørn Åge Hamre fortalde til NETT NO etter dommen i tingretten, at han var overraska over resultatet.

Alt om søksmålet etter Kleven-konkursane

NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven - som fekk eit nytt oppdrag til kai tysdag - ikkje har noko med rettssaka å gjere. Den omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.

Publisert: 12.12.2023 14:42

Sist oppdatert: 12.12.2023 14:54

Mer om