Kleven CF Explorer Foto Marius Rosbach 22
TIL KAI: CF Explorer kom tysdag til kai ved Green Yard Kleven i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Stort oppdrag til kai på Kleven

Verftet treng fleire folk til den klart største jobben på fleire år.

Marius Rosbach
12.12.2023

Skipet CF Explorer kom til Green Yard Kleven i grålysninga tysdag. Verftet sikra seg tidlegare i år oppdraget med å bygge om skipet til eit moderne kabelskip.

Då kontrakten blei inngått opplyste verftet at oppdraget var det «klart største prosjektet» på flere år. Det er også den største kontrakten i retrofit-segmentet som er inngått av Green Yard Kleven.

Kleven CF Explorer Foto Marius Rosbach 11
STORT OPPDRAG: Arbeidet med å utstyre skipet til nye oppdrag er mellom dei største verftet har hatt dei siste åra. Foto: Marius Rosbach

Treng fleire folk
HR-sjef Lillian Haddal ved Green Yard Kleven opplyser til NETT NO at verftet no har behov for fleire folk – og spesielt fagarbeidarar.

I dag har Green Yard Kleven 66 tilsette.

Også ein rekke andre verft på Nordvestlandet er no i gong med rekruttering for høgare aktivitet.

Teikna av Marin Teknikk
Skipet som kom til kai tysdag skal først demobiliserast, før sal og deretter klargjering for den nye eigaren japanske NTTWM.

– Vi skal utføre verftstenester på skipet for klargjering til ny operasjon. Det er svært hyggeleg med reiarar som kjem tilbake til oss. Noverande eigar, Chevalier Floatels har dei siste åra utført fleire prosjekt hos oss, opplyser salssjef Karl Johan Barstad for retrofit-avdelinga til NETT NO.

Det er Marin Teknikk i Herøy som har teikna korleis skipet skal bli etter arbeidet på Kleven.

Omsette for 145 millionar i fjor
Green Yard Group tok over Kleven i 2020, og i fjor omsette verftet for kring 145 millionar kroner.

Om lag halvparten av inntektene kom frå ombygging, vedlikehald og reparasjonar av skip. 31 prosent av inntektene kom frå opphogging av skip.

Green Yard Kleven-sjefen Hans Jørgen Fedog har heile tida sagt at verftet også vil satse på nybyggingsoppdrag, men understreka at dei må vere lønsame.

Publisert: 12.12.2023 10:29

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:06

Mer om