Tomislav Debeljak tingretten fredag foto Marius Rosbach
SAKSØKT: Den tidlegare eigaren av Kleven Verft, Tomislav Debeljak, forklara seg fredag i søksmålet mot han i Hordaland tingrett. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tidlegare verftseigar sjokkert over skuldingane mot ham

Avviser at han forsøkte tømme kassa på Kleven. Fortalde sin versjon av skjebnemøte.

Marius Rosbach
10.11.2023

Fredag fortsatte Tomislav Debeljak si forklaring i søksmålet mot han i Hordaland tingrett.

Konkursbuet etter verftet krev erstatning for opptil 136 millionar kroner, som følgje av tap dei meiner den tidlegare Kleven-eigaren påførte verftet etter at han overtok som eigar våren 2020. Dei saksøkte sine advokatar ber om frifinning.

Mellom dei mest oppsiktsvekkande opplysningane som har kome fram under rettssaka i Bergen, var at Debeljak skal ha forsøkt å tømme kassa på Kleven etter bankane sa opp sine avtaler.

– Det sjokkerte meg at det blei opplyst at eg skal ha forsøkt å stjele noko, sa han på kroatisk via tolken som oversetter kva som blir sagt i retten.

Skal ha fått instruks om å overføre pengar
NETT NO omtala det påståtte utpressingsforsøket, som skal ha skjedd same kveld som den tidlegare verftseigaren fekk beskjeden frå bankane.

Økonomiansvarleg ved Kleven verft skal ha blitt oppringt og etterpå fått ein e-post om å overføre 61 millionar kroner frå ein av Kleven sine kontoar, til ein konto i Kroatia.

Instruksen skal ha blitt følgd opp med følgjande beskjed: «If you do this, you are protected, but if you don’t, you are not protected».

Var ikkje meint som ein trussel
Debeljak stadfesta at det blei sagt noko i den retning, men at det ikkje var meint som ein trussel mot vedkomande. Han forklara at det var ei oppfølging etter at økonomiansvarleg opplyste at overføringa ikkje kunne skje.

– Eg sa til han i samtalen at viss nokon tvinger han, eller presser han, så må han seie det. Då vil vi beskytte han, forklarte kroaten.

Årsaka til at han ville overføre pengane, skal ha vore ein tidlegare omtala plan B, om at Div Group på eiga hand skulle bygge ferdig eit offshoreskip Kleven hadde under utrusting.

Sentralt møte med bankane
Eit mykje omtala møte 23. juni 2020 med bankane vart også tema under forklaringa til Debeljak i retten fredag.

Saksøkjarane har opplyst at verftseigaren under dette møtet reiv ned all tillit hos bankane – som førte til at avtalene om finansiering blei sagt opp.

Medan konkursbuet meiner at verftseigaren bevisst gjekk inn for å bryte avtalen med bankane, har dei saksøkte sine advokatar opplyst at dei ikkje hadde noko slik hensikt.

– Det var eit sjokk
Fredag forklara Debeljak korleis han opplevde møtet som skjedde på eit advokatkontor i Oslo. Kring 20 personar deltok og alle bankane var representert. Det skal ha vore Div Group som tok initiativ til møtet og dei stilte sjølv med fem-seks personar.

Bakgrunnen skal ha vore at Debeljak ønska å legge fram kva det kroatiske konsernet kunne bidra med av kompetanse og komande prosjekt for Kleven.

I staden for å få legge fram si sak, opplevde dei at Div Group blei anklaga for tap ved verftet.

– Det var eit sjokk for meg at eg ikkje fekk rom til å fortelje noko. Eg blei avbrote heile tida, fortalde Debeljak.

Slo neven i bordet
Møtet blei leia av ein advokat som representerte bankane, og som seinare skal vitne i saka.

Vedkommande skreiv kort tid etter møtet ein e-post til bankane, der det mellom anna blei opplyst at Debeljak skal ha erklært at han ville misleghalde avtalen med bankane og at han ikkje ville ferdigstille eit mykje omtala nybygg verftet jobba hadde under arbeid.

Det var ei framstilling kroaten overhovudet ikkje kjente seg igjen. Ifølgje Debeljak blei møtet avslutta etter at ein av bankane sin advokat slo hardt i bordet og kalla han ein løgnar.

– Vi har aldri opplevd noko slikt før, la han til.

Publisert: 10.11.2023 15:29

Sist oppdatert: 11.11.2023 03:17

Mer om