Kontrakt med Statsbygg på regjeringskvartalet
– Representerer noko heilt nytt for oss, seier Prodtex-sjefen om oppdraget med å utvikle køyretøysperrer.
Prodtex har sikra seg ei utviklingsavtale med Statsbygg i samband med bygging av det nye regjeringskvartalet.
Selskapet med hovudkontor i Ulsteinvik og produksjon på Fiskp skal utvikle ei løysing for køyretøysperrer, i konkurranse med Cody i Skien.
– Dette representerer noko heilt nytt for oss, og vi ser på det som ei veldig fin moglegheit, fortel Prodtex-sjef Sigbjørn Nordstrand til NETT NO.
Starta med ti deltakarar
Statsbygg sendte torsdag ut ei pressemelding om kontrakta for det som blir kalla «Staut – køyretøysperre til å stole på».
I utgangspunktet var ti deltakarar med, og deretter var det ein tilbodskonkurranse med seks av desse. No har Statsbygg signert kontrakter med Prodtex og Cody, som skal utvikle kvar si løysing.
– Vi er veldig fornøgde med å vinne fram i ein tøff konkurranse med fleire andre design og produksjonsbedrifter, legg Nordstrand til.
I januar neste år vil Statsbygg avgjere om partnerskapa skal fullførast – og i mai 2023 blir det beslutta om kva sperrer som blir kjøpt inn. Med andre ord er det ikkje sikkert at sunnmøringane blir valt til slutt.
(saka held fram under)
Skal lage to sikringssoner
Bygginga av det nye regjeringskvartalet vil gå over fleire år. Rundt bygningane til departementene skal det lagast ei indre og ei ytre sikringssone.
For å sørge for at trafikken samtidig skal kunne bevege seg inn og ut av området, skal det lagast bevegelege køyretøysperrer. Dei skal samtidig tole slitasje frå salting, brøyting, erosjon, temperatursvingninger, dårlig drenering og vanninntrengning, går det fram av pressemeldinga.
Prodtex fekk nyleg opna sitt første prosjekt av samferdsleministeren, ei gang- og sykkelbru i Trøndelag. Selskapet sikra seg samtidig kontrakt på ei ny bru for Statens vegvesen.
Publisert: 18.02.2022 09:27
Sist oppdatert: 18.02.2022 09:43