Jon ivar nygård Prodtex bru foto Henrik Jonassen samferdselsdepartementet 11
STATSRÅDEN HAR TRUA: Ein byggemtode som er billigare, gir lågare utslepp og har potensiale til å skape arbeidsplassar gjer at samferdsleminister Jon-Ivar Nygård har trua på teknologien fra Prodtex. Foto: Henrik Jonassen/Samferdselsdepartementet
Nytt

Opna første Prodtex-brua

Samferdsleministeren trur teknologien frå sunnmøringane kan vere framtida for bygging av bruer i heile landet.

Marius Rosbach
03.02.2022

Torsdag opna samferdsleminister Jon-Ivar Nygård den første brua som er laga av Prodtex - ei gangbru ved Åfjorden i Trøndelag.

Som venta blei det også signert kontrakt på eit nytt oppdrag for sunnmørsselskapet på ei bru over Driva-elva på riksveg 70 i Sunndal. Statens vegvesen gjorde det kjent nyleg at dei ønska ståldekke frå Prodtex, og torsdag oppdraget «innkasserast».

– Dette er veldig positivt og vi er bra oppglødde etter ein slik dag, fortel dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand i Prodtex til NETT NO.

– Har gjort eit banebrytande arbeid
Ved hjelp av avansert robotteknologi er elementa til den nye gangvegen som blei opna torsdag, produsert på Fiskåholmen i Vanylven. Deretter er dei 22 meter lange delane slept sjøvegen til Trøndelag og Åfjorden.

Ap-statsråden meiner prosjektet som heiter Frønes bru, er veldig spennande. Brua er det første av fire pilotprosjekt, som Nygård har trua på.

– Den nye teknologien kan vere framtida til utbygginga av både små og store bruer i heile Norge. Prodtex har gjort eit banebrytande arbeid, uttaler samferdsleministeren i ein kommentar til NETT NO.

Det er sjølvsagt musikk i øyrene til Sigbjørn Nordstrand i Prodtex.

– Det er fantastisk og få ei slik melding frå ministeren. Samtidig støttar Statens vegvesen oss veldig godt. Dei ser at denne teknologien vil kome til nytte, legg Nordstrand til.

(saka held fram under)

Prodtex frønes bru foto prodtex 11
FØRSTE I SITT SLAG: Den 65 meter lange gang- og sykkelbrua er Norges første lasersveiste stålbru. Oppdraget har vore definert som eit forskings- og utviklingsprosjekt. Foto: Prodtex

Treng fleire folk
Prodtex har hovudkontor i Ulsteinvik, og produksjonen i Vanylven gir etterlengta industriarbeidsplassar i ei kommune der dette har vore mangelvare dei siste åra.

– Vi håpar at det kan bety fleire arbeidsplassar i Norge og vidare utvikling av industrien. Denne type produksjon tar også ned energibruken og klimautslippa ved bygging av bruer. I tillegg seier Statens vegvesen at det kan vere mogleg å redusere kostnadene i mange av desse prosjekta – og det heiar vi sjølvsagt på, uttaler samferdsleministeren.

Til saman i dei tre selskapa som utgjer Prodtex-verksemda, jobbar det no i overkant av 20 personar. Prodtex-sjef Sigbjørn Nordstrand kan fortelje at auka oppdragsmengde gjer at dei allereie treng å tilsette fleire.

– Vi har allereie behov for fleire folk, fortel han til NETT NO.

Håpar å spare store beløp
Prodtex er involvert i forarbeida til store fjordkryssingsprosjekt på E39, men førebels er det eit stykke arbeid som står att før selskapet kan konkurrere om dei verkeleg store prosjekta.

Tidlegare er det antyda at metoden kan redusere kostnadene for ny ferjefri veg langs kysten med fleire milliardar.

Metoden gir i tillegg større fridom i designprosessen fordi robotane kan sveise på nye måtar. Det opnar også for lettare konstruksjonar.

For kort tid sidan sette Prodtex i gong med å bygge bru nummer to for Statens vegvesen, 50 meter lange Ya bru på riksvei 3 i Østerdalen. Det blir den første Prodtex-brua for bilbruk.

Sjå video frå Fiskåholmen:

Publisert: 03.02.2022 14:32

Sist oppdatert: 03.02.2022 15:23

Mer om