Prodtex Tore Roppen Sigbjørn Nordstrand 11
FØRSTE UNDER BYGGING: Dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand (t.h.) saman med Tore Roppen, som er leiar for forretningsutvikling i Prodtex. Bakom ser vi dei første metrane av det som skal bli ei gangbru. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt oppdrag for Prodtex

Skal bygge si første bilbru for Statens vegvesen.

Marius Rosbach
25.05.2021

Tysdag kunne Prodtex Industrier i Vanylven fortelje at bedrifta er sikra eit nytt oppdrag med design og bygging av Ya bru på riksvei 3 i Østerdalen.

Brua skal leverast våren 2022, og har ein kontraktsverdi på kring 15 millionar kroner, opplyser selskapet i ei pressemelding.

– Dette er ein svært viktig kontrakt for oss, og vi er svært stolte over at Statens Vegvesen viser oss
denne tilliten, fortel Tore Roppen, som er direktør for forretningsutvikling i meldinga.

Ya bru prodtex illustrasjon Statens vegvesen 11
BILBRU: Slik blir den 50 meter lange Ya bru på riksvei3 i Østerdalen sjåande ut. Illustrasjon: Statens vegvesen

– Får halde fram å utvikle prosessane
Selskapet starta opp produksjon ved «brufabrikken» i industrihallen på Fiskåholmen i fjor. Hit var pressa invitert tysdag for å få høyre om det nye oppdraget.

Roppen påpeika at det var viktig for selskapet at ein stor aktør som vegvesenet kom tilbake til dei med meir arbeid.

– Det betyr at vi får halde fram å utvikle prosessane våre, forklare han.

Første for bilar
Det nye oppdraget dreiar seg om ei 50 meter lang bilbru som skal byggast ved lasersveising. Dette er den første brua Prodtex bygger som vil vere godkjent for bilkøyring.

Brua blir bygd i element, som seinare skal settast saman på lokasjonen på Tynset. Produksjonen av brua startar i haust.

Brygger gangbru
Det er knytt stor spenning til kva for innsparingar det er mogleg å gjere med produksjonsmetoden til selskapet som har hovudkontor i Ulsteinvik. No er dei i full gong med å bygge ei gangbru som skal nyttast i Åfjord i Trøndelag. Pilotprosjektet blir den første stålbrua med lasersveist sandwichkonstruksjon.

I fjor fekk selskapet støtte og lån på til saman 27 millionar kroner frå Innovasjon Norge for å ta vidare steg. Roppen påpeiker at det forpliktar.

– I alle møter gjer dei oss merksame på at vi må dokumentere kva vi gjer, slik at andre kan dra nytte av jobben vi held på med no, fortel han.

Involvert i fleire prosjekt
Prodtex gjekk i fjor inn eit partnarskap med Møre og Romsdal fylkeskommune, om korleis bruer kan byggjast rimelegare i framtida. Moglegheitene for å bygge ny bru til Nerlandsøya er det første konkrete prosjektet dei skulle sjå nærmare på.

Selskapet er også involvert i eit samarbeid med Dr. tech Olav Olsen om Sulafjord- og Halsafjordkryssinga på ferjefri E39-prosjektet.

Publisert: 25.05.2021 09:46

Sist oppdatert: 25.05.2021 16:48

Mer om