Kontrakt sikra arbeidsplassar
FEKK PAKKEN: Havyard fekk ikkje skipsbyggingskontrakten, men sikra seg leveransen av design- og utstyrspakken til det nye Esvagskipet.
Nytt

Kontrakt sikra arbeidsplassar

Utan ny kontrakt til over 100 millionar kroner, kunne det blitt permitteringar og oppseiingar hos designavdelinga i Havyard.

23.06.2015
Havyard Design & Solutions skal levere ein design og utstyrpakke til det spanske verftet Astilleros Zamakona, som skal bygge eit mannskaps-transportskip for det danske reiarlaget Esvagt.
Etter det NETT NO har grunn til å tru er kontrakten på design- og utstyrspakken i overkant av 100 millionar kroner.

Unngår kutt

Konsernsjef Geir-Johan Bakke i Havyard seier kontrakten på design og utstyrspakken er kjærkomen for Havyard Design & Solutions.
Hadde konsernet ikkje greidd å dra i land denne kontrakten kunne det blitt oppseiinga og permitteringar.
Havyard Design & Solutions har 50 tilsette på hovudkontor i Fosnavåg, og dessutan avdelingar i Stavanger, Polen og Kroatia. Bakke seier selskapet i det lengste vil skjerme dei tilsette på hovudkontoret ved eventuelle nedskjeringar.

Fekk ikkje skipet

Fartyet Esvagt får bygd hos det spanske verftet er av Havyard 931 CCV-design, eit ny-utvikla design for eit skip bygd for å frakte mannskap til og frå beredskapsbåtar ved oljeplattformane.
- Vi var med og konkurrerte sjølve, seier Bakke om konkurransen om å få bygge skipet.
For få veker sidan vart det klart at Havyard ikkje nådde opp, det spanske verftet var billegare. Prisene på fartyet er truleg i overkant av 300 millionar kroner (NETT NO sitt anslag).

Fire-dagars veke

Havyard skal levere sine førebels siste nybygg frå verftet i Leirvik i Sogn neste haust.
For å reduserer kostnadane køyrer deler av konsernet firedagarsveke ut juni.

Ved børsopning i dag fall aksjekursen i Havyard Group ASA frå 13 til 12,50 kroner pr aksje. Då selskapet blei børsnotert 1. juli i fjor var kursen 33,50 pr. aksje.
Sævikfamiliens selskap Havila Holding eig 63,48 prosent av aksjane i Havyard Group.

Publisert: 23.06.2015 08:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44