Landstraum fridtjof nansen foto ålesundregionens havnevesen 111
AUKA FORBRUK: Fleire skip til kai under koronapandemien har ført til at det blir brukt meir landstraum. Kjetil Tvinnereim og Per-Bertil Farstad (innfelt) er mellom hamnevesenet sine folk som har jobba med å få fleire til å kople seg på. Foto: Ålesundregionens Havnevesen
Nytt

Korona gir rekord for landstraum

Nye standardar kan auke bruken og havnevesenet i Ålesund har investeringar til eit tresifra millionbeløp på gong.

Marius Rosbach
04.03.2021

Ålesundregionens Havnevesen har levert landstraum i mange år, men dei siste åra har det skote fart. Etter koronapandemien slo til, har forbruk vore rekordhøgt.

– Etter at pandemien kom har bruken av landstraum auka. I januar leverte vi ,eir enn halvannan million kilowatt-timar. Det er litt avhengig av effektiviteten, men vi har anslått at det svarar til kring 1000 tonn CO2, fortel hamnefogd Ole Christian Fiskaa til NETT NO.

Det betyr i tilfelle at klimaet blei spart for CO2-utslepp tilsvarande årsforbruket til kring 500 bilar grunna fartøy som nytta landstraum i Ålesund denne månaden.

– Utviklinga har også gitt ei betring i haldninga til bruken av landstraum, og våre folk har vore på hogget til å ha kontakt med kapteinar og reiarlag for å få dei til å kople seg på, fortel Fiskaa.

(saka held fram under)

Landstraum fridtjof nansen foto ålesundregionens havnevesen 111
UTVIDA KAPASITET: Tidlegare i vinter gjekk det med kring to kilometer med kabel for å kople hurtigruteskipet Fridtjof Nansen til landstraum i Ålesund. Foto: Ålesundregionens Havnevesen


Landstraum for cruise neste sommar

Hamnevesenet har fleire investeringar på gong. Det første som står for tur er eit anlegg for cruiseskip i sentrum.

– Målet er å levere landstraum til cruiseskip frå sommaren 2022. I tillegg til mindre forureining, gir det mindre støy i sentrum når skipa kan slå av motorane, fortel hamnefogden.

Cruiseprosjektet skjer i samarbeid med selskapet Plug, som er eigd av kraftselskapet BKK og Bergen Havn. Eit eige selskap, Plug Ålesund, skal bygge og drifte anlegget. Ålesund kommune og Plug eig ein halvpart kvar i dette selskapet. Enova har støtta utbygginga med 26 millionar kroner.

I tillegg til mindre forureining, gir det mindre støy i sentrum når skipa kan slå av motorane,
Ole Christian Fiskaa

Investering på Flatholmen
I dag er det tilkoplingsmoglegheiter for landstraum både på Storneskaia og Prestebrygga, i tillegg til mindre anlegg ved dei andre sentrumskaiene og på Flatholmen på nordsida av byen.

På Flatholmen planlegg hamnevesenet å legge til rette både for meir landstraum og elektrifisering. Også her vil Enova gå inn med støtte.

– I denne fasa har vi planar om å etablere sju punkt som kan nyttast både til landstraum og på sikt ei elektrifisering av hamnedrifta, som kranar og truckar, fortel Fiskaa.

(saka held fram under)

Ålesund hamn havn seadream yacht club januar 2021 foto marius 11
I OPPLAG: Grunna koronapandemien har verken Atle Brynstad sine Seadream-skip eller Hurtigruten segla som vanleg det siste året. Foto: Marius Rosbach

Samde om standardar
Ulike løysingar og manglande standardar har gjort det til ei utfordring for fleire fartøy å nytte anlegg for landstraum langs kysten.

Under Landstrømforum i slutten av januar vart det gjort eit prinsippvedtak om kva spenningsnivå hamnene skal tilby. Vedtaket blir omtala som ein milepåle og kan bidra til å betre situasjonen.

– Det skaper forutsigbarheit for dei som skal nytte anlegga og gjer det enklare å ta dei i bruk. Den norske skipsflåten er relativt gamal og det finst mange ulike løysingar. No kartleggjast dette og ein har kome fram til standardar for ulike typar båtar, fortel Arild Kjærnli til NETT NO.

Han er marknads- og kommunikasjonsansvarleg i Norsk Elektro­teknisk Komite (NEK), som arrangerte forumet som har fleire enn 130 medlemmar frå reiarlag, hamner, utstyrsleverandørar og nettselskap.

– Mykje som står att
Kjærnli fortel at Norge er langt framme internasjonalt når det gjeld bruk av landstraum, men at det i nokre hamner er få fartøy som koplar seg på.

– Framleis er det likevel mykje som står att og bransjen er velkommen til å ta kontakt med NEK for å få opp farten på standardiseringa,

Enova har til saman løyvd kring 580 millionar til utbygging av 90 anlegg for landstraum.

Ei utbygging ved Nordfjordeid hamn var mellom dei siste prosjekta som fekk støtte mot slutten av fjoråret. Målet er at eit anlegg skal stå klart til 2022-sesongen.

Publisert: 04.03.2021 05:55

Sist oppdatert: 15.12.2021 00:06

Mer om