Reiser for 54 millionar hadde Plussreiser seld i årets to første månader. Selskapet var halvvegs mot målet for heile året.
- Vi hadde eit budsjett på 100 millionar kroner, som vi låg godt an til å nå, seier Kindervåg Halsne.
Ho er dagleg leiar i Plussreiser, med hovudkontor i Ålesund og kristne feriereiser og temareiser over heile verda som hovudprodukt.
Marknaden tørka inn då koronaepidemien kom, og selskapet har permittert 90 prosent av dei 17 årsverka i selskapet.
Utan den ville det blitt tøft å klare seg, seier Kindervåg Halsne.
Pengane renn ut i to endar for pakkereiseopertørane, til flyselskap, transportselskap og hotell i den eine ende og til kundar som skal ha tilbakebetalt pengar for reiser som ikkje blir noko av.
- Rekninga er lagt på ein rygg, og det er pakkereiseopertørane, seier Kindervåg Halsne.
I normale tider skal kunder få igjen pengane sine for reiser som ikkje blir noko av innan to veker, men den fristen er forlenga til tre månader for å hindre at pakkereiseoperatørane går overende på grunn av likviditetsmangel.
Kindervåg Halsne seier selskapet prioriterer å betale kundane tilbake raskt. Det vil gjere det lettare å få dei tilbake i neste runde, meiner ho.
- Vi hadde eit budsjett på 100 millionar kroner, som vi låg godt an til å nå, seier Kindervåg Halsne.
Ho er dagleg leiar i Plussreiser, med hovudkontor i Ålesund og kristne feriereiser og temareiser over heile verda som hovudprodukt.
90 prosent permittert
Status i dag, etter nesten to månader med strenge reiserestriksjonar på grunn av koronaepidemien er at over 100 reiser er avlyst eller utsett. Over halvparten av reisene som var selde dei to første månadane er avbestilt. I staden for 54 millionar er driftsinntektene så langt i år redusert til 17 millionar kroner. Halvparten av dei 17 millionane er reiser som ikkje er gjennomført enno, og som Plussreiser og kundane risikerer ikkje blir noko av.Marknaden tørka inn då koronaepidemien kom, og selskapet har permittert 90 prosent av dei 17 årsverka i selskapet.
Ventar på støttepakke
Dei politiske signala til pakkereiseoperatørane er at det skal kome ein offentleg hjelpepakke.Utan den ville det blitt tøft å klare seg, seier Kindervåg Halsne.
Pengane renn ut i to endar for pakkereiseopertørane, til flyselskap, transportselskap og hotell i den eine ende og til kundar som skal ha tilbakebetalt pengar for reiser som ikkje blir noko av.
- Rekninga er lagt på ein rygg, og det er pakkereiseopertørane, seier Kindervåg Halsne.
Tok opp lån
Plussreiser nytta seg av ordninga der staten garanter for utlån frå bankane til bedriftene, og yok opp eit lån på 10 millionar kroner etter at koronatiltaka kom, og har også fem millionar kroner i reisegarantiordningar, som enno ikkje er trekt på.I normale tider skal kunder få igjen pengane sine for reiser som ikkje blir noko av innan to veker, men den fristen er forlenga til tre månader for å hindre at pakkereiseoperatørane går overende på grunn av likviditetsmangel.
Kindervåg Halsne seier selskapet prioriterer å betale kundane tilbake raskt. Det vil gjere det lettare å få dei tilbake i neste runde, meiner ho.
Publisert: 08.05.2020 09:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57