Sunnmøre tingrett skjerdump ais constructor foto ogne 11
OPNA KONKURS: Nettsida til konkursråka Ais Constructor er tatt ned. Facebook-sida (innfelt) er framleis aktiv, men ikkje oppdatert sidan juni. Der går det fram at dei hatt arbeid ulike stader i Norge. Foto: Ogne Øyehaug/Skjermdump Facebook
Nytt

Byggefirma konkurs – finn ikkje eigaren

Bygg- og anlegg dominerer framleis statistikken med tre konkursar så langt i november.

Marius Rosbach
10.11.2021

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i fire selskap så langt i november. Tre av desse kjem frå bygg- og anleggsbransjen.

Byggefirmaet Ais Constructor med adresse i Ålesund er eitt av desse, og skuldar i følgje avgjerda frå tingretten nær 390.000 kroner til skattestyresmaktene. Retten antek at eigaren ikkje kan gjere opp for seg.

37 av 112 konkursar i bygg- og anlegg
Dei to andre bedriftene frå bransjen som tingretten har opna konkurs i tidlegare i månaden, er enkeltpersonføretak, eit med adresse i Langevåg og eitt med adresse i Ørskog.

Så langt i år er det opna 37 konkursar i bygg- og anleggsbransjen i Møre og Romsdal, av totalt 112 konkursopningar i fylket.

Har ikkje fått tak på eigaren
I rettspapira i saka med Ais Constructor kjem det fram at det ikkje har vore mogleg å kome i kontakt med innehavaren, som heller ikkje møtte i retten måndag denne veka.

Dokumenta er motteke av ein rekneskapsfirma i Ålesund, der skuldnaren hadde CO-adresse. Desse er igjen sendt til skyldnaren i Estland, men det har ikkje vore kontakt med vedkomande.

Advokat Trond Svinø er bustyrar i saka og første skiftesamling er 13. desember.

Blei starta i 2018
Selskapet blei starta i 2018 og hadde ei omsetning på 1,2 millionar kroner året etterpå. Sidan er det ikkje levert rekneskap.

I rekneskapen for 2019 er det opplyst at firmaet hadde to tilsette ved utløpet av året.

Her kjem det også fram at det då stod drygt 10.000 kroner på konto, og at det ikkje var midlar til å dekke skuldige offentlege avgifter.

Publisert: 10.11.2021 16:46

Sist oppdatert: 10.11.2021 16:59

Mer om