Larsnes mek kran
UNDERLEVERANDØR: Selskapet som gjekk konkurs hadde kontrakt med Molde-selskapet R&M Ship Interior, som igjen hadde oppdraget på mellom anna Larsnes Mek Verksted. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Driv i nytt selskap med same tilsette

Kort tid etter at underleverandøren gjekk konkurs med milliongjeld, er nær 60 tilsette på nytt oppdrag for Molde-selskap.

Marius Rosbach
29.11.2021

NETT NO omtalte i slutten av oktober konkursen i selskapet Etprofessional med adresse på Larsnes i Sande. Underleverandøren med nærare 60 tilsette melde oppbod fordi dei ikkje klarte å handtere gjelda.

Første skiftesamling i Møre og Romsdal tingrett, er neste veke.

– Hittil har vi fått inn lønns og feriepengekrav frå 57 tilsette, fortel bustyrar Jørund Knardal til NETT. NO

Det er sendt ut oppseiingar til 59 personar, pluss 47 personar som har jobba i selskapet tidlegare og kan ha feriepengar og lønn til gode.

Har jobba på tre verft
Bustyraren fortel at dei tilsette har vore i arbeid ved tre verft - Larsnes Mek Verksted, Fitjar Mekaniske Verksted og Sletta verft i Trøndelag.

Verfta hadde kontraktar med R&M Ship Interior i Molde – som igjen hadde avtale med Etprofessional.

– Då selskapet gjekk konkurs, fekk dei tilsette arbeid i eit nytt selskap med dei same eigarane. Etter det buet har fått opplyst, har dei fått nytt oppdrag for R&M Ship Interior, fortel Knardal.

Fekk ny jobb med ein gong

Namnet på det nye selskapet er Bestteam, og kunngjeringane i Brønnøysundregistera, viser ei rekke endringar den 28. oktober – same dag som det vart meldt oppbod for Etprofessional.

Mellom anna er det registrert nytt styre, nytt formål og ny forretningsadresse – til Skredestranda på Larsnes. Dei er no registrert å drive med rehabilitering av skip og liknande. Knardal fortel at dei tilsette med ein gong skal ha blitt tilsett i Bestteam.

– Sett får dei tilsette sin side, er det positivt at dei har fått arbeid og slepp å gå arbeidslause, påpeiker bustyraren.

– Leigde alt av verktøy, utstyr og arbeidstøy
Knardal fortel at det ikkje har vore noko lokale på Larsnes der selskapet er registrert. Dei tilsette har i hovudsak vore frå Polen, der også rekneskapen er ført.

– Dei har vore eit selskap som leigde alt av verktøy, utstyr og arbeidstøy frå R&M Ship Interior, fortel advokaten.

Buet er så langt ikkje funne andre verdiar i arbeidet med konkursen, men han vil kome tilbake til eventuelle krav frå buet i den vidare behandlinga.

Samla krav på minst 3,3 millionar
Da Etprofessional melde oppbod i slutten av oktober, vart det opplyst at gjelda var på 1,55 millionar. Sidan har det auka etter fleire krav.

Bustyraren fortel at dei samla krava førebels er oppe i kring 3,3 millionar. I all hovudsak dreiar det seg krav frå skattestyresmaktene på arbeidsgivaravgift og moms.

Millionunderskot i fjor
I 2020-rekneskapen datert i midten av september omtalar leiinga at dei har fire pågåande prosjekt, men at dei har hatt problem med å få tilsette til Norge som følgje av reiserestriksjonar. Det førte til auke kostnader og at drifta delvis stansa opp, heiter det.

Etprofessional blei registrert mot slutten av 2019 og har levert rekneskap for 2019 og 2020. Dei viser null kroner i inntekt første året og 2,5 millionar i underskott i fjor etter ei omsetning på nær 15 millionar.

Publisert: 29.11.2021 13:51

Sist oppdatert: 29.11.2021 15:11

Mer om