Hovdenakk Maskinering foto Hovdenakk maskinering
TEMPERATURMÅLAR: Når Hovdenakk Maskinering har nok å gjere er det også god aktivitet i den maritime næringa.
Nytt

Koronapermitteringane kom før påske

Hovdenakk Maskinering kom seg gjennom 2020 utan permitteringar, men før påske vart det for lite å gjere.

08.04.2021

- Det var som å skur att ei kran, seier Kjetil Hovdenakk i Hovdenakk Maskinering om det som skjedde med ordreinngangen då koronakrisa kom i mars i fjor.

Maskineringselskapet i Åmdalen i Ørsta er leverandør av deler til maritime industribedrifter. Sjølv om det er lite, med fire sysselsette årsverk i fjor, er selskapet ein god temperaturmålar på tilstanden i den maritime klynga.

I 2017 hadde selskapet 3,1 millionar kroner i driftsinntekter, i 2019 hadde det stige til 5,7 millionar kroner. Både i 2018 og 2019 hadde selskapet eit resultat før skatt på over 13 prosent av driftsinntektene.

God start
I starten av 2020 låg Hovdenakk Maskinering an til at året skulle bli på line med 2019.

Men dei lyse utsiktene i starten av 2020 blei øydelagt av koronakrisa. I omlag eit par månader kom det ikkje inn nye oppdrag og 2020 enda med eit lite minusresultat (sjå tabell).

Takka vere ei uvanleg tjukk ordrebok hadde selskapet arbeid til ut i mai i fjor. Etterkvart kom det og inn nye oppdrag, slik at selskapet greidde å halde alle i arbeid i 2020.

Permitterte før påske
Før påske var det dessverre ingen veg utanom å permittere, seier Kjetil Hovdenakk. To av dei fire tilsette er permitter på uviss tid. Oppdragsmengda er blitt for lita.

- Vi må få inn ein del arbeid for å kunne ta dei inn att, seier Hovdenakk.

Håpet er at ei gradvis lette i koronatiltaka utover våren og sommaren skal sette ny fart i marknaden.

Hovdenakk Maskinering as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter4,95,7
Driftsresultat0,10,8
Resultat før skatt-0,10,7

Publisert: 08.04.2021 09:36

Sist oppdatert: 08.04.2021 09:37

Mer om