Rostein over milliarden 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
BREMS: Larsnes Mek. Verksted har bygd mange brønnbåtar for Rostein, men når reiarlaget sin båt nummer 19 blir levert seinare i år har korkje Larsnes Mek. Verksted eller andre verft fleire nybyggingsoppdrag for reiarlaget.
Nytt

Kostnadsauke krympar overskotet

- Auka kostnadar i alle ledd, seier Glen Bradley i brønnbåtreiarlaget Rostein om 2022.

16.08.2023

Brønnbåtreiarlaget med adresse på Harøya har framleis eit overskot mange bedriftsleiarar berre kan drøyme om, men framover ventar viseadministrerande direktør og pressetalsmann Glen Bradley at marginane blir sett under ytterlegare press.

I fjor steig både drivstoffkostnadane, mannskapsutgiftene og andre kostnadar meir enn selskapet har vore van med dei siste åra, samstundes som reiarlaget også merkar at rentene er blitt høgare.

Ein del av avtalane til reiarlaget er også slik at kostnadauken reiarlaget får, ikkje kan hentast inn ved å auke prisane. Brønnbåtar fraktar levande fisk mellom oppdrettanlegg, og frå oppdrettsanlegg til slakteri, og bransjen har hatt stor vekst i fleire år.

Ingen nye båtar
I dag har Rostein 18 brønnbåtar på sjøen og ein under bygging ved Larsnes Mek. Verksted, der Rostein sitt eigarselskap Rofisk også er største eigar.

Nybygget blei bestilt før regjeringa i september i fjor varsla at den vil innføre grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa - og er førebels det siste fartøyet Rostein har bestilt.

Hadde det ikkje vore for grunnrenteskatten er det sannsynleg at Rostein hadde bestilt ytterlegare minst eitt fartøy, seier Bradley. I gjennomsnitt har Rostein bestilt meir enn eitt fartøy i året dei siste 10 åra, ifølgje Bradley.

Famileieigd
Odd Einar Sandøy og familien eig Rostein gjennom selskapet Rofisk.

Rofisk har ein bokført eigenkapital på 2,2 milliarder kroner og ei langsiktig gjeld på to milliardar.

Rostein as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt1366,11250,2
Driftsresultat288,4373,3
Resultat før skatt233,9319,2
Rofisk as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt1631,01579,2
Driftsresultat332,6407,0
Resultat før skatt270,5350,6

Publisert: 16.08.2023 15:37

Sist oppdatert: 16.08.2023 17:39

Mer om