Fora Form Re Form Laminette stoler innfelt thomas haram foto fora form 11
GJENBRUK: Fora Form-sjef Thomas Haram (innfelt) trur marknaden for gjenbruk vil kome til å utgjer ein betydeleg del av inntektene til selskapet.. Foto: Fora Form
Nytt

Kostnadsauke frå sirkulær satsing

Krympa overskot for Fora Form.

09.06.2023

Fora Form si satsing på å etablere ein marknad for å ta i mot og pusse opp att gamle møblar er ein av grunnane til at kostnadane til selskapet auka i fjor.

Med ein generell kostnandsauke på toppen, utløyst av krigen i Ukraina, gjer det det at lønsemda gjekk ned til Fora Form i fjor, sjølv om inntektene auka. (sjå tabell).

Dagleg leiara Thomas Haram seier han ventar oppussing av eldre Fora Form-møblar skal kome til å utgjere ein betydleg andel av inntektene til selskapet framover. Han seier at det ved offentlege anskaffelsar blir spurt etter brukte møblar.

Fora Form har etablert seg med møbelverkstadar fleire stadar i landet, som kan ta i mot og reparere eller pusse opp eldre møblar. Møblar som er sett i stand får fem års garanti etterpå. Også anlegget til Fora Form i Ørsta skal ta i mot møblar.

Fora Form lagar i hovudsak møblar for bedrifter og offentlege rom. Mellom anna leverte selskapet stolar til flyplassen på Gardermoen.

Selskapet opna denne veka visningsrom i Københamn og har tilsette ein seljar i den danske marknaden, som en del av ei satsing på å auke eksportandelen.

Fora Form har omlag 60 tilsette og er ein del av det svenske møbelkonsernet Lammhults Design Group.

Fora Form as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt169,1163,3
Driftsresultat3,213,1
Resultat før skatt1,213,6

Publisert: 09.06.2023 12:56

Sist oppdatert: 09.06.2023 12:56