Fora Form Re Form Laminette stoler innfelt thomas haram foto fora form 11
GJENBRUK: Fora Form-sjef Thomas Haram trur marknaden for gjenbruk vil vekse. På sikt skal dei tilby å reparere alle møblane som kjem frå deira fabrikk. Foto: Fora Form
Nytt

Fora Form med gjenbruksløysing

Ørsta-bedrifta trur auka miljøbevisstheit vil gjere at marknaden veks.

Marius Rosbach
10.03.2023

Møbelprodusenten Fora Form i Ørsta lanserer gjenbruksløysinga «ReForm», som gjer det enklare for kundane å reparere originalmøblane sine. Målet er første rekke eit betre miljørekneskap både for kundane og bransjen.

– Vi har i mange år reparert og trekt om møblar på prosjektnivå. Så ser vi at trendane i marknaden og krava til miljø, peiker mot å tenke meir sirkulært og berekraftig, seier dagleg leiar Thomas Haram til NETT NO om bakgrunnen for den nye tenesta.

Fora form produksjon illustrasjon Foto Marius Rosbach 11
LANGE TRADISJONAR: Fora Form har vore i bransjen i meir enn 90 år. Møbelprodusenten som held til i utkanten av Ørsta sentrum, har i dag om lag 65 tilsette. Foto: Marius Rosbach

Kan vare i «mange, mange tiår»
I første omgang vil tenesta gjelde møblane Planet, Senso, Clint, Up og Misto. På sikt skal det vere mogleg å gjere alle Fora Form sine møblar som «nye».

– Vi lagar designmøblar med høg kvalitet. Ved å reparerer dei, så kan dei vare i mange, mange tiår, seier Haram.

For ein Fora Form-kunde som vurdere å investere i nye møblar, eller reparere eksisterande, vil det ikkje vere noko stor økonomisk gevinst å hente på å velje det siste.

– Vi trur likevel at miljøaspektet på sikt vil vege tyngre, enn økonomi, seier Haram.

Trur marknaden vil vekse
Fora Form er ein av dei største aktørane på kontraktsmarknaden og leverer i all hovudsak møblar til sosiale soner, møterom og kantiner.

Haram trur marknaden for gjenbruk vil vekse betydeleg, og viser at mellom anna det offentlege no kjem med krav om ein viss del brukte møblar i nye bygg.

– Og slik må det vere om vi skal klare å nå dei miljømåla både Norge og bransjen har sett seg, legg Haram til.

Mindre lønnsamt 2022
Bedrifta har lagt bak seg nokre år med svingane inntekter gjennom pandemien. Lønnsemda var samtidig på rekordnivå i 2021.

Rekneskapen for 2022 er ikkje offentleg enno, men fjoråret vart eit mindre lønnsamt år, enn året før. Samtidig steig omsetninga – og resultatet enda i pluss, ifølgje Haram.

– Året bar preg av høge energiprisar, svak krone, inflasjon og mangel på råvarer. Vi har brukt mykje ressursar på å klare å levere, og det har kosta, seier han.

Publisert: 10.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 09.03.2023 22:44

Mer om