Kostnadskutt gav overskot igjen
VIKTIG SATSING: Utemøbelkolleksjonen Formfinsjef Vibeke Aanning Aarseth lanserte i fjor vår har gitt meirsmak for møbelprodusenten og utemøblar blir ei viktig satsing også framover. 
Nytt

Kostnadskutt gav overskot igjen

Etter seks år med underskot, klarte Formfin i Hundeidvik å få eit lite overskot i fjor. 

Kristin Vidhammer
02.08.2018
Sjølv om driftsinntektene gjekk ned med seks millionar i fjor, gjorde ei kostnadskutt på over 10 millionar til at det vart eit lite overskot likevel.
Omsetninga i fjor enda på 59 millionar kroner og resultatet før skatt vart 200.000 kroner. Det er ei resultatbetring på i overkant av 5 millionar i forhold til året før (sjå tabell).
Vibeke Aaning Aarseth tok over sjefstillinga i Formfin i 2016. Sjølv om 2016-tala var prega av tøff konkurranse i marknaden, var tala og prega av ein gjennomgang av selskapet i samband med at ho tok over.

Fekk oppseiing på kjedeavtale

Styret skriv i årsmeldinga for i fjor at Formfin forsøker å utvikle produkt, variantspekter og legge seg på ei høg servicegrad for å møte konkurransen frå importerte møblar frå lavkostland.
- Godt samarbeid med norske kjedar har sikra god prestasjon for selskapet, til trass for noko lavare ordreinngong i 2017 samanlikna med året før, skriv dei vidare.
Hovedgrunnen til omsetningsreduksjonen i fjor, var at Formfin mottok oppseiing av ein kjedeavtale i fjor haust, der Formfin også måtte gå til permitteringar og arbeidstidsjusteringar.

Viktig satsing på utandørsmøbler

Formfin har siste par åra satsa på nye utandørsmøblar for å styrke den økonomiske situasjonen i selskapet. Responsen har vore god, noko som har fått Formfin-sjefen til å gje full gass og der utemøblar blir eitt av hovudprodukta framover.
- Det har vore veldig, veldig stor interesse og vi har fått veldig gode tilbakemeldingar, sa Aanning Aarseth til NETT NO i fjor om responsen etter at dei i mars i fjor lanserte ein eigen utemøbelkolleksjon i samarbeid med Hageland-kjeda.
Les også:

Satsinga var ei pilotprosjekt, der Skattefunn-ordninga, Innovasjon Norge og Næringsfondet i Sykkylven har vore med på finansieringa.

Hageland-samarbeid og nye marknader

Formfin var allereie fjor haust i gong med å utvikle nye utemøbel-modellar for å nå andre marknadar enn gjennom Hageland-kjeda.
Også samarbeidet med Hageland skal utvidast. I første omgang har pilotprosjektet omfatta 12 butikkar i Hagelandkjeda. No blir distribusjonen utvida til 30-40 butikkar i kjeda.
Formfin hadde i fjor 55 tilsette fordelt på 52 årsverk.

Publisert: 02.08.2018 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24