Kraft floert med fleire
BEILAR TIL TO: Konsernsjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane Energi meiner selskapet kan ende med eit tettare samarbeid både med Sunnfjord Energi og BKK.
Nytt

Kraft-flørt med fleire

Sogn og Fjordane Energi (SFE) flørtar både med BKK og Sunnfjord Energi.

03.04.2017
SFE og Sunnfjord Energi er i samtalar om eit tettare samarbeid.
Selskapa har til saman 1,4 milliardar kroner i årlege driftsinntekter og vil bli eit selskap med over 400 tilsette om dei skulle slå seg saman.
"For å møte endringane i energisektoren og stå best rusta for framtida, vurderer Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi å arbeide tettare saman", heiter det i ei felles pressemelding frå selskapa.

Frie hender

Arbeidsgruppene som ser på korleis dei to selskapa kan dra nytte av eit samarbeid har fått frie hender til å kome med framlegg. Det betyr også samanslåing er eit alternativ som kan kome ut av prosessen, men førebels er det ikkje trekt konklusjonar, i følgje konsernsjef Johannes Rauboti i SFE.
Arbeidsgruppen skal vere ferdig med sitt arbeid sommaren 2018, men det ingen ting i vegen for at selskapa kan starte eit tettare ssamarbeid før det, seier Rauboti.
Begge selskapa driv både kraftproduksjon og nettselskap. På Sunnmøre har Tussa og Tafjord tidlegare skilt ut nettverksemdene sine og gått saman om eitt nettselskap, Mørenett.

Snakkar med BKK

I førre veke melde SFE at selskapet er i samtale med BKK (Bergenshalvøen Kommunale Kraftselskap) og eit samarbeid om kraftproduksjonsverksemda i dei to selskap.

Rauboti meiner det ikkje treng å bli kollisjon mellom formåla for dei to samtalane, og at det kan ende med løysingar som både innebere eit tettare samarbeid med BKK og Sunnfjord Energi.

Publisert: 03.04.2017 11:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07