Kraftig vekst for Artec Aqua
Artec Aqua vaks i fjor, og meir vekst i år.
Forretningsområdet oppdrett i Endúr-konsernet, der Artec Aqua i Ålesund er det klart største selskapet, auka driftsinntektene med 87 prosent i fjor.
Ordreinngangen til Artec Aqua - som er spesialist på prosjektering av landbaserte oppdrettsanlegg - varslar ytterlegare vekst, skriv Endúr i kvartalsrapporten pr. 4. kvartal 2021.
I desember i fjor melde Artec Aqua om nye kontraktar for 435 millionar kroner.
I starten av februar i år signerte selskapet ein prinsippavtale om å prosjektere og leie arbeidet med andre byggetrinn for det landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution på Indre Harøy, eit prosjekt på 1,3- 1,4 milliardar kroner.
Artec Aqua har også oppdraget med første byggetrinn, der den første fisken skal settast ut i mars.
Veksten kostar
Når inntektsveksten i forretningsområde oppdrett veks med auken i driftsinntektene har det to hovudårsaker, ifølgje kvartalsrapporten:
Artec Aqua aukar talet på tilsette for å ta unna alt arbeidet, og den oppbygginga kostar.
Det andre er at eitt ikkje namngitt prosjekt blei dyrare enn venta, og det gjekk ut over lønsemda.
Emisjon
I november 2021 henta Endúr inn 170 millionar kroner i ny eigenkapital, mellom anna frå hovudaksjonæren Artec Holding.
Artec Holding er eigd av grunnleggarane av Artec Aqua, Bjørnar Flem, Victor Fiveland og Bjørn Finnøy.
Dei vart største eigarar då Endúr kjøpte Artec Aqua, delvis med oppgjer i Endúr-aksjar.
Endúr ASA | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 663 | 444 |
Driftsresultat | 29 | -52 |
Endúr ASA | ||
Pr. 4. kvartal | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 2186 | 1794 |
Driftsresultat | 14 | 29 |
Endúr, forretningsområde oppdrett | ||
4. kvartal | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 376 | 201 |
Driftsresultat | 9 | 11 |
Endúr, forretningsområde oppdrett | ||
Pr. 4. kvartal | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1156 | 701 |
Driftsresultat | 26 | 32 |
Publisert: 25.02.2022 09:09
Sist oppdatert: 25.02.2022 09:20