Ferje hurtigbåt fjord1 foto marius
MANGE SAMBAND BLIR RÅKA: Store samband som Hareid-Sulesund er mellom ferjerutene som får færre avgangar om kuttforslaga blir gjennomført. Også hurtigbåten Hareid--Valderøya-Ålesund kan bli råka. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kraftige reaksjonar på forslag til ferjekutt

Venstre-politikarar ber om kystopprør. Desse ferjerutene blir verst råka.

Marius Rosbach
02.03.2023

Fordi Møre og Romsdal fylkeskommune skal spare pengar, er det sendt ut forslag til ein rekke kutt på høyring.

På samferdsel er det planar om å spare inn på ferje (50 millionar), hurtigbåt (5 millionar) og buss (10 millionar). I tillegg skal ei ekstra takstsone på alle samband greiast ut.

Forslaga er sendt ut på høyring til 28. april og nye ruter skal eventuelt gjelde frå årsskiftet (sjå kva ruter som blir råka under).

Venstre ber om eit kystopprør
Reaksjonane har ikkje latt vente på seg. Venstre sine representantar i fylket skriv i eit innlegg på NETT NO at samferdslekutta raserer næringsfylket og ber om eit kystopprør.

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) har også kasta seg inn i kampen for å behalde ferjetilbodet. Han ber kommunal- og distriktsministeren om at fylka skal få bruke pengane som var nytta til å gjere fleire ferjetilbod gratis – til å halde oppe andre ruter.

- Kva trur Kommunal- og distriktsministeren er viktigast for folk og næringsliv i Møre og Romsdal og andre kystfylke: Reelle fylkesvegferjer som ein må betale billett for men som går i rutetrafikk – eller imaginære fylkesvegferjer som i prinsippet er gratis, men ligg til kai i staden for å frakte folk og bilar over fjorden, spør Bjørlo i eit skriftleg spørsmål til statsråden på Stortinget.

«Nærast ein massakre»
Fylkespolitikarane meiner ferjedrifta i Møre og Romsdal er underfinansiert frå staten sin side, og legger skulda på sentrale styresmakter.

Leiar i samferdsleutvalet Kristin Sørheim, som var med å legge fram forslaga, seier til NRK Møre og Romsdal at ho meiner det er «nærast ein massakre» av ferjetilbodet. Ho minner samtidig om at fylke med det eit nytt inntektssystem som er lagt på bordet, risikerer å få endå mindre pengar å rutte med i framtida.

Også Høgre-politikar Torgeir Dahl og Randi Frisvoll frå KrF er kritiske til reduksjonane som er nødvendige for å budsjettet til å gå i hop Det same er både Lilly Gunn Nyheim (Ap) og Steinar Engeli Johansen (Frp).

- Det verkar som vi har ei regjering som er heilt handlingslamma, seier han til kanalen.

Ferje- og hurtigbåttilbod som kan bli kutta

Dei fleste ferje- og hurtigbåtsamband i fylket blir berørt om kuttforslaga blir gjennomført.

Ifølge ei oversikt frå fylkesadministrasjonen er følgjande ruter verst råka:

  • Aursnes-Magerholm-ferja mellom Sykkylven og Ålesund er mellom rutene som kan misse flest avgangar. Her blir det føreslått å fjerne to rundturar på kveldstid kvardagar og 18 turar på laurdag.
  • På ferjesambandet Sulesund-Hareid er det føreslått å kutte tre turar på kveldstid kvardagar , to turar på laurdag og to på søndag. I tillegg vil C-ferja ha lengre sommarfri.
  • På Åfarnes-Sølnes kan reisande til og frå Romsdal misse 22 avgangar i hovudsak på kvardagar. Her kan B-ferja bli innstilt laurdagar, i tillegg til at avgangar på natta i helga kan forsvinne.
  • Eidsdal-Linge kan bli redusert med fem rundturar kvardagar og ein i kvar av helgedagane, Stranda-Liabygda med tre rundturar på kvardagar og ein avgang laurdag og søndag.
  • På ferja mellom Volda og Lauvstad er det føreslått å droppa dei to førsteavgangane.
  • Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya-sambandet står i fare for å misse dei siste ferjeturane både kvardag og i helgane.
  • Brattvåg-Dryna-ferja kan misse fire avgangar på kvardagane.
  • På hurtigbåten Ålesund-Valderøya-Hareid kan den tidlegaste ruta kvardagar bli fjerna, saman med to avgangar laurdag.
  • Langevåg-Ålesund-båten risikerer å miste dei to siste avgangane på kvardagar.

Publisert: 02.03.2023 16:58

Sist oppdatert: 02.03.2023 17:06

Mer om