Her kjem det utsleppsfri hurtigbåt
I 2026 skal hurtigbåten mellom Nordfjord og Bergen vere utsleppsfri.
Båtrutene mellom Bergen og Nordfjord og Bergen og Sogndal-Flåm skal bli utsleppsfrie, som del av klimamåla til Vestland. No får fylket Klimasats-midlane dei har søkt om for å realisere nye båtar.
Dei nye båtane er forventa å vere på sjøen i løpet av 2026.
Det var Miljødirektoratet som kom med løyvinga torsdag, som del av
Klimasats-ordninga. Hurtigbåtprogrammet her er ei eiga tilskotsordning
for hurtigbåtar, og fylkeskommunen fekk heile summen det vart søkt om
til dette tiltaket.
– For oss er dette er ei særs viktig tildeling, og ei solid drahjelp for at Vestland skal kunne realisere utsleppsfrie hurtigbåtar snarast råd. Vi har ambisjonane, og denne tildelinga gjev oss avgjerande viktig finansiering for å kunne realisere dei, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland, i ei pressemelding.
Satsinga skal gjelde båtrutene mellom Bergen og Nordfjord og Bergen og Sogndal-Flåm, som er mellom 245 og 277 kilometer lange. Dei er del av dei største hurtigbåtrutene i Noreg målt i energiforbruk, og har til saman eit berekna CO2-utslepp på 20 000 tonn CO2 per år. Dette svarar til om lag 10 000 personbilar drivne med fossilt drivstoff.
Leverandørmarknaden seier i dialog med fylkeskommunen ved Skyss at rutene kan driftast med mellom 70 og 95 prosent nullutsleppsdrift. Det svarer til eit utsleppskutt på om lag 15 000 tonn CO2 per år, om lag ti prosent av samla utslepp frå hurtigbåtar per år i Noreg.
Får 50 millionar
Vestland fylkeskommune har
tidlegare fått støtte til ny, utsleppsreduserande teknologi på desse
båtrutene. No får dei 50 millionar kroner til å dekke delar av
meirkostnadene ved å kutte utsleppa.
I pressemeldinga vert det opplyst at klimatiltak på desse hurtigbåtrutene er grundig greidd ut av fylket i fleire omgangar. Tiltaka er kostbare og kompliserte, og det er krevjande å kutte alle klimagassutsleppa på lange båtruter med dagens teknologi. Når rutene skal ut på anbod er det leverandørane som leverer løysingsforslaga for utsleppskutt, og Vestland er i tett dialog med marknaden.
– No veit vi at hurtigbåtar kan opererast med utsleppsfri teknologi. Støtta frå Miljødirektoratet til Vestland fylkeskommune tek oss eit steg vidare i klimaomstillinga av hurtigbåtane våre. Den maritime næringa står klar til å levere låg- og nullutsleppsløysingar for hurtigbåtar, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide om tildelinga.
Publisert: 16.12.2022 08:31
Sist oppdatert: 16.12.2022 08:39