Trygve salgsvold vedum foto ntb npk 11
FRUSTRERT: Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum er frustrert over det han hevdar er manglande forhandlingar om den siste krisepakken til regjeringa. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

Krava strøymer på til ny krisepakke

Meir til småbedrifter og reiselivet er mellom krava til ny krisepakke - men Sp-leiaren er frustrert.

NPK
17.02.2021

(NPK-NTB-Bibiana Piene og Johan Falnes): Ap vil ha ein krisepakke for psykisk helse, SV vil vri om på kompensasjonsordninga til bedriftene, Frp krev meir støtte til reiselivet, medan Sp er frustrert.

Det går ikkje føre seg nokon reelle forhandlingar om den siste krisepakken frå regjeringa, hevdar Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Det er fullstendig kaos. Det er ingen reelle forhandlingar i finanskomiteen, seier ein frustrert Vedum til NTB.

Han hevdar stillstanden kjem av eit politisk spel mellom Høgre og Frp, fordi Frp har gjort det klart at dei ikkje lenger vil vere den føretrekte forhandlingspartnaren til regjeringa.

Aps kravliste
Pakken, som er den åttande i rekkja, er no til behandling i finanskomiteen. Innstillinga er venta fredag. Denne veka har opposisjonspartia levert kravlistene sine.

Betre ordningar for dei hardast ramma småbedriftene, står høgt på lista til Arbeidarpartiet står. Ap krev mellom anna at dei må kompenserast for varer som må kastast på grunn av nedstenging.

Ap foreslår òg ein krisepakke for psykisk helse for å demme opp for ein psykisk vanhelse-pandemi i kjølvatnet av koronapandemien. Også auka satsing på det frivillige og idrett, med mellom anna full momskompensasjon for det frivillige, står på Ap-lista.

Sp løftar på si side på nytt forslaget om ein ekstra krisepakke på 3 milliardar kroner til luftfarten og foreslår ein flat moms for serveringsbransjen på 15 prosent.

– Det vil gjere det litt lettare å komme i gang igjen, seier Vedum, som òg vil vri om på kompensasjonsordninga til bedriftene så ordninga treffer betre.

– Dagens ordning er veldig urettferdig, meiner han og peikar særleg på ulik behandling av bedrifter som eig og dei som leiger utstyr.

(saka held fram under)

Podium

E4/S1 Jan Rune Hurlen SB1 SMN og Trond Nydal Sparebanken Møre om bank, krise og samfunnsliv.

Kari Elisabeth Kaski Sylvi Listhaug foto ntb npk
MEIR KRISEHJELP: SVs Kari Elisabeth Kaski utfordrar Frp med nye krav til den neste krisepakken frå regjeringa. Her i debatt med Sylvi Listhaug (Frp). Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

SV: Grønare omstilling
Også SV vil betre kompensasjonsordninga, men dei vil gi mindre til store bedrifter og meir til små og mellomstore. Dessutan må krav om grøn omstilling følgje med støtta.

– Vi må stille fleire grønare krav til bedriftene, slår SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski fast.

I tillegg vil partiet senke taket på kor mykje støtte éi bedrift kan få. Ifølgje Klassekampen har 25 konsern fått 29 prosent av krisestøtta til bedriftene, i alt 2,3 milliardar kroner, medan 33.200 bedrifter har måtta dele på rundt 8 milliardar kroner.

SV tek òg opp att kravet om at bedrifter som får støtte, ikkje skal kunne betale ut utbytte og leiarbonusar eller seie opp tilsette i støtteperioden. Det same sluttar Ap seg til.

Både Ap og SV krev dessutan betre økonomiske ordningar for studentane.

Frp: Meir til reiselivet
Oppretting av ei mellombels statleg garantiordning for norske pakkereisearrangørar er blant hovudkravet til Framstegspartiet.

– Det er ein føresetnad for at dei kan byrje å selje reiser igjen, seier Hans Andreas Limi (Frp) til NTB.

Frp vil òg ha 200 millionar kroner til ei tilskotsordning for refusjon av pakkereiser og 40 millionar kroner til reiselivet på Svalbard.

I tillegg kan lågare ferjeprisar bli ein del av den nye krisepakken. Frp vil halvere ferjeprisane, noko som anslagsvis vil koste 1,5 milliardar kroner. På sikt ønskjer partiet gratis ferjer.

Frps krav har fått Ap til å flytta fram sitt eige forslag om ei halvering av prisane, som dei i utgangspunktet ville bruke neste stortingsperiode på.

– Førre veke raljerte både Høgre og Frp om at det var eit tåpeleg forslag. No har Frp snudd, så då synest vi det er riktig å fremje forslaget i Stortinget, seier Aps nestleiar Bjørnar Skjæran til VG.

(©NPK)

Publisert: 17.02.2021 09:01

Sist oppdatert: 18.02.2021 15:09

Mer om