Krev 1 2 millionar i erstatning etter fiskehandel
RETTSAK: Konkursen i produksjonsselskapet Sunsea og salsselskapet Sunsea Seafood gir nye rundar i rettsapparatet for Edgar Sandanger.
Nytt

Krev 1,2 millionar i erstatning etter fiskehandel

Israelsk selskap krev erstatning frå Egdar Sandanger som også må svare på skuldingar om brot på matlova. 

09.01.2020
Det israelske selskapet EVE Reshatot Ltd. krev 1,2 millionar kroner frå Edgar Sandanger. Kravet er grunngjeve med at han i rolla som styreleiar ikkje informerte det israelske selskapet om den kritiske stoda i Sunsea/Sunsea Seafood då det israelske selskapet kjøpte 26 tonn laks frå Sunsea i mai 2017. 2,5 millionar kroner blei betalt på forskot, men berre halvparten av fisken blei levert, skriv EVE Reshatot Ltd sin advokat, Christian Garmann i sitt sluttinnlegg til Sunnmøre tingrett.
Det er sett av ein dag i retten til saka, 21. januar.
Bjarte Aambø, som representerer Sandanger, skriv i sitt sluttinnlegg til retten at Sandanger er usamd i at han har eit erstatningsansvar og at EVE Reshatot Ltd. sjølv valde å ta risikoen ved å betale på forskot.
Sandanger avviser og at salselskapet Sunsea Seafood - som var avtalemotparten til EVE Reshatot Ltd. - dreiv for kreditor si rekning då avtalen om kjøp av fisk vart inngått.
Mattilsynet tok produksjonsløyvet frå Sunsea i juli 2017.

Det slo også negativt ut for Sunsea Seafood, men ikkje noko Sandanger kan haldast personleg ansvarleg for, i følgje sluttinnlegget frå Sandanger sin advokat.

Konkurs og erstatningskrav

Både produksjonselskapet Sunsea og salsselskapet Sunsea Seafood er konkurs.
I lagmannsretten tapte Sandanger før jul ei erstatningsak som oppdrettselskapet Norway Royal Salmon reiste mot han, etter at oppdrettselskapet meinte det tapte fleire millionar på handel med Sunsea/Sunsea Seafood før konkursane.
Kravet er på nesten 4,4 millionar kroner. To av dei tre dommarane i lagmannsretten meinte Sandanger var erstatningssansvarleg. Sandanger anka dommen til Høgsterett, som førebels ikkje har kome med sin konklusjon.

Tiltale

I mars ventar ei ny rettsak, der Sandanger er tiltalt for brot på matlova
Tiltalen er på tre punkt, og er knytt til Sandanger si rolle som dagleg leiar i lakseforedlingsbedrifta Sunsea på Moltutstranda.
I følgje tiltalen nedla Mattilsynet 30. september 2016 forbod mot å selje varer frå selskapet og påla det å kalle tilbake varer som var sendt ut i marknaden.
Det skjedde ikkje, i følgje tiltalen.
I tida før 14. oktober 2016 unnlot Sandanger å kalle tilbake "spiseklare langtidsholdbare produkter produsert fra og med 22. august 2016".
I tidsromet 5. oktober til 13. desember 2016 let han vere å varsle Mattilsynet om i alt 39 prøvesvar som viste funn av listeria-bakteriar i laksen.
Det tredje punktet i tiltalen er at han ikkje ville gi frå seg informasjon ved at han " unnlot han å etterkomme Mattilsynets vedtak av 8. desember 2016, om å gi Mattilsynet full tilgang til samtlige analyserapporter av prøver tatt i virksomheten på produkt- og foredlingsområde/- utstyr.

Publisert: 09.01.2020 08:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49