Leif Magne Langset foto Langset konsernet
KREV BETALING: Leif Magne Langset er styreleiar i Langset-konsernet i Molde, som eig Norwegian Marine Interior. Foto: Langset
Nytt

Krev 15,3 millionar frå Havila Kystruten

Norwegian Marine Interior i Molde stemner Havila Kystruten-selskap etter tvist om oppdrag med Havila Kystruten-fartøy.

22.02.2022

Norwegian Marine Interior (NMI) sende slutten av januar sine tilsette heim frå Tersan Shipyard i Tyrkia etter ein tvist om betaling for arbeid med innreiing og møblering av Havila Kystruten-skip.

Det handlar om så mykje pengar at NMI risikerer konkurs, ifølgje NMI.

No har NMI stemna Havila Kystruten Operations AS, driftsselskapet til Havila Kystruten, med krav om tilsaman 15,3 millionar kroner. Kravet er knytt til krav NMI har mot det tyrkiske verftet i samband med oppdrag på Havila Kystruten-fartøyet.

Det melder Havila Kystruten i ei børsmelding.

"Havila Kystruten Operations AS bestrider at krav, oppstått under kontrakten mellom saksøker og verftet, kan rettes mot Havila Kystruten Operations AS.", skriv Havila Kystruten i børsmeldinga.

Les børsmelding her

Ifølgje styreleiar Leif Magne Langset i Langset-konsernet, som eig NMI, er krava retta mot Havila Kystruten Operations, for oppdrag som er utført for Havila-selskapet. Sju millionar kroner av kravet gjeld arbeid utført i Noreg.

Usemje om kven som sa stopp
Etter at striden mellom Tersan Shipyard og NMI vart kjent at selskapa kome med stikk motsette versjonar av kven som avbraut kontrakten.

NMI seier selskapet terminerte kontrakten og sende sine tilsette hein i slutten av januar.

– Forsøk på å løyse situasjonen mellom NMI og oss har ikkje lukkast, og til slutt hadde vi ikkje anna val enn å terminere kontraktane med NMI for betydelege brot, sa forretningsutvikling Sakir Erdogan i Tersan Shipyard til NETT NO tidlegare i februar.

Skuldar reiarlaget for passivitet
I børsmelding i dag skriv Havila Kystruten at "Havila Kystruten Operations AS bestrider at krav, oppstått under kontrakten mellom saksøker og verftet, kan rettes mot Havila Kystruten Operations AS."

Dette har vore reiarlaget sitt syn sidan tvisten mellom NMI og Tersan Shipyard vart kjent.

Styreleiar i NMI, Odd Arne Langset, har tidlegare sagt til NETT NO at han meiner Havila Kystruten har vore passiv i å få striden løyst.

- Vi opplever at Havila trekker på skuldra, både i den daglege og den prinsipielle prosjekthandteringa. Stadige krav frå reiarlaget om auka standard ut over kontrakt har auka kostnadene for NMI utan å bli kompensert i andre enden, til tross for at slike kostnader blei lova kompensert frå reiarlaget, sa styreleiar Odd Arne Langset i NMI til NETT NO 10. februar i år.

Han sa også at reiarlaget skuldar pengar for arbeid som blei gjort ved ferdigstilling av Havila Capella mot slutten av fjoråret.

Vil ikkje ha polemikk i media
Finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Kystruten ville ikkje svare på om reiarlaget har latt vere å gjere opp for seg ovanfor NMI.

– Ein polemikk mellom oss og Langset i media tener ikkje til ei løysing, sa Dale til NETT NO.

I børsmeldinga i dag skriv Havila Kystruten at "Havila Kystruten Operations AS vil forholde seg til stevningen slik det kreves av selskapet. Tersan har informert Havila Kystruten AS om pågående aktiviteter for å forhindre ytterligere forsinkelser som konsekvens av Norwegian Marine Interior AS’
manglende oppfyllelse av kontraktuelle forpliktelser overfor verftet."


Havila Holding er største aksjonær i Havila Kystruten. Havila Holding eig 33,34 prosent av Bakkar og Berg Media as, som gir ut NETT NO

Publisert: 22.02.2022 14:05

Sist oppdatert: 22.02.2022 17:20

Mer om