Leif Magne Langset foto Ogne 1
FRYKTAR KONKURS: Styreleiar Leif Magne Langset i Langset-konsernet er redd Norwegian Marine Interior kan gå konkurs, som følgje av konflikten med Tersan-verftet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Det hastar og det er store summar

NMI er truga av konkurs og meiner også Havila Kystruten skuldar dei pengar. Reiarlaget vil ikkje ta diskusjonen i media.

Marius Rosbach
10.02.2022

Torsdag kjem Langset-selskapet Norwegian Marine Interior AS (NMI) med nye opplysningar i striden om innreiingsjobben på Havila Kystruten-skipa.

Molde-firmaet skulle innreie alle dei fire skipa som Herøy-reiarlaget skal bygge ved Tersan-verftet i Tyrkia – ein kontrakt til ein verdi på meir enn 300 millionar kroner, ifølgje NMI.

Truga av konkurs
Den kontrakten er som kjent terminert – og NMI og Tersan hevdar begge at dei har sagt opp avtalen. Samtidig er rekke NMI-arbeidarane kalla heim frå Tyrkia.

Situasjonen har ført til at Molde-firmaet står i fare for å gå konkurs. NMI er no i dialog med dei tillitsvalte og jobbar for å ta vare på dei tilsette.

– Det hastar og det er store summar, og akkurat no er Havila si haldning vårt største problem, fortel styreleiar Leif Magne Langset i Langset-konsernet til NETT NO.

Han påpeiker at fleire underleverandørar står i fare for å ikkje få betalt for utført arbeid.

Meir om konflikten mellom NMI og Tersan under:

Fullførte Kystruten-skip i Bergen
Langset meiner Havila Kystruten har vore for passive i konflikten med verftet, men hevdar også at reiarlaget skuldar pengar for arbeid som blei gjort ved ferdigstilling av Havila Capella mot slutten av fjoråret.

– Vi fullførte skipet i Bergen og hadde då ein direkteavtale med Havila. Det er no fleire månader sidan arbeidet er ferdig, seier Langset til NETT NO.

I ei orientering om situasjonen skriv NMI at reiarlaget har nekta å betale for dette, og vist til kontrakta deira med verftet. Langset fortel at det ville gitt selskapet eit pusterom, om Kystruten betalte denne rekninga.

– Det ville betre situasjonen betrakteleg, fortel han.

(saka held fram under)

Havila Pollux og Havila Polaris sjøsetting Tersan foto Havila Kystruten11
STOPPA ARBEID: Dei to siste skipa til Havila Kystruten blei nyleg sjøsett ved Tersan-verftet i Tyrkia. No er arbeidet med innreiinga stoppa og firmaet som skulle gjere jobben, i konflikt med verftet. Foto: Havila Kystruten
– Havila trekker på skuldra

I orienteringa skriv også styreleiar Odd Arne Langset i NMI at han skulle ønske at Havila Kystruten nytta sin posisjon til å få alle tre partane saman ved bordet for å løyse utfordringane.

- Vi opplever at Havila trekker på skuldra, både i den daglege og den prinsipielle prosjekthandteringa. Stadige krav frå reiarlaget om auka standard ut over kontrakt har auka kostnadene for NMI utan å bli kompensert i andre enden, til tross for at slike kostnader blei lova kompensert frå reiarlaget, uttalar Odd Arne Langset.

Langset fortel at heile byggeprosjektet har vore krevjande og prega av forseinkingar. Koronapandemien førte til nye forseinkingar og auka kostnader.

Ein polemikk mellom oss og Langset i media tener ikkje til ei løysing
Arne Johan Dale

Vil ikkje svare i media
Finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Kystruten vil ikkje svare på om reiarlaget har latt vere å gjere opp for seg ovanfor NMI.

– Ein polemikk mellom oss og Langset i media tener ikkje til ei løysing, seier Dale til NETT NO.

På spørsmål om dei vil bidra med dialog mellom innreiingsfirmaet og verftet, svarar Dale at det er noko dei i tilfelle vil avtale seg i mellom.

– Som vi opplyste i børsmeldinga, så har vi fått beskjed frå verftet at dei har terminert kontrakten. Vi held oss til det, sjølv om vi har registrert at det ikkje stemmer med informasjonen som NMI oppgir, legg han til.

Jobbar med å finne ny leverandør
Finansdirektøren fortel at verftet no jobbar med å finne ein anna leverandør til innreiingsjobben. Han kan førebels ikkje gi noko tidsperspektiv for når det er på plass.

– Vi har fått beskjeden for eitt døgn sidan. No jobbar verftet med å finne ein alternativ leverandør som til å ferdigstille skipa og den leverandøren skal vi godkjenne, avsluttar Dale.

Havila capella snorklipping tromsø foto kjetil 11
JOMFRUTUR: Havila Capella la ut på sin første tur Bergen-Kirkenes i desember i fjor. Først i mai kjem skip nummer to. Foto: Kjetil Haanes

Publisert: 10.02.2022 13:04

Sist oppdatert: 11.02.2022 09:01

Mer om